I fjor lanserte Foreningen les! ein nasjonal nynorsk leseaksjon for alle elevane på 7. trinn. No får 15.000 nye elevar same tilbodet. Formålet er å fremja nynorsk for ungdom, skriv framtida.no.

Aksjonen har namnet «Tid for ti» og innheld ein antologi med utdrag frå ti nynorske bøker. Antologien blir i januar sendt ut til elevar på 7. trinn i heile Noreg.

– Kampanjen er med på å auka den språklege sjølvkjensla til nynorskelevar, samtidig som bokmålselevar blir motiverte til å lesa nynorsk via kvalitetslitteratur, meiner Ole I.B. Storø i Foreningen les!

«Tid for ti» inneheld i år utdrag frå desse bøkene:

  • Engel i snøen av Anders Totland
  • Stian og Stine: Motorsykkelmysteriet av Magnhild Bruheim
  • Skammarens dotter av Lene Kaaberbøl
  • Svarte-Mathilde av Tor Arve Røssland
  • Keeper’n til Tunisia av Lars Mæhle
  • Rekrutten av Robert Muchamore. Illustrert av Ian Edginton & John Aggs
  • Fly, Thea! Fly! av Bente Bratlund
  • Veslebror ser deg av Cory Doctorow
  • Kjære søster av Alf Kjetil Walgermo
  • Galdersjerna av Asbjørn Rydland

bokcollage-tidforti