NBU fyller 70 år i år, og det skal sjølvsagt feirast og markerast på ymse vis. I samband med jubileet intervjuar vi medlemmene. I dag:  Kine Hellebust. Kine har vore medlem i NBU i om lag ti år.

Kva betyr NBU for deg?

NBU er for meg ein solid kanal å møte andre ordkunstnarar til både fagleg og uhøgtideleg ordskifte.

Har du noko særskilt minne du vil trekkje fram?

Å få melding om at eg var vurdert av Det litterære rådet, godkjent som medlem og ønska velkommen i laget. Det var stort 🙂

Kor viktig har forfattarskapen vore i livet ditt?

Kan eg seie det så pretensiøst som at det å ha høve til å skrive og arbeide med ord, reise på forfattarferd i skolar og institusjonar, gir livet ei ufatteleg stor gleda.

Korleis tenkjer du deg NBU framover – kvar går vi?

Som ei botnsolid fagforeining til hjelp og støtte for medlemsmassen.

Har du noko ønske for NBU?

Ja, må ho leve. Ja, må ho leve, ja, må ho leve uti hundrade år… Javisst skal ho leve, javisst skal ho leve, javisst skal ho leve uti hundrade år!