Forfattar og NBU-medlem Ragnfrid Trohaug byter til hausten ut Samlaget med Cappelen Damm. – Å skulle få leie norskredaksjonen i Noregs største barne- og ungdomsbokforlag, eit forlag med ein portefølje som til dei grader er premissleverandør for barnelesaren si litterære verd, var ein sjanse eg kjente eg ikkje kunne la gå frå meg, seier ho.

Foto: Cappelen Damm

Då Cappelen Damm etterlyste ein ny redaksjonssjef tidlegare i år, spurte nok mange seg: Ville det bli ein etablert og profilert redaktør frå eit av dei konkurrerande forlaga?

Og det blei det. Denne veka blei det kjend at Ragnfrid Trohaug (41) går frå seniorredaktørstillinga i Samlaget, kor ho har hatt hovudansvaret for barne- og ungdomslitteratur, til å bli redaksjonssjef for Cappelen Damm Barn & Ungdom. Men  etter 11 år som redaktør i Samlaget, korleis er det eigentleg å flytte frå kontoret i Marieboes gate 13 (som litt ironisk er det gamle lokalet til Cappelen) og til Akersgata 47/49?

– Vemodig! Det er ein fabelaktig forfattargjeng og stab eg no forlet. Forfattar- redaktør-relasjonen er heilt spesiell, og som redaktør har ein sterke band til forfattarane ein arbeider mykje med. Det er jubel, glede, fortviling, irritasjon og felles meistring i slike samarbeid, seier Ragnfrid til NBUforfattere.no.

Erstatta Vesaas

Etter å gjeve ut fleire bøker for barn og ungdom, blei Ragnfrid redaktør i ein alder av 30 år, då ho erstatte legendariske Guri Vesaas som redaktør for barne- og ungdomslitteraturen i Samlaget.

– Mange av forfattarane var like ferske som meg då vi starta samarbeidet, så vi er blitt vaksne saman, det er ei spesiell kjensle. Det er elleve år sidan eg byrja som redaktør, og 18 år sidan eg kom inn i Samlaget som forfattar, så størstedelen av vaksenlivet har eg hatt Samlagstilknytting. Det har vore eit eventyr å få arbeide så høgt og lågt med litteraturen og språkpolitiske spørsmål som eg har, så mange fine samarbeid eg har vore involvert i. Eg er utruleg takksam for alt Samlaget har vore for meg og betydd for meg som fagperson og menneske.

Inspirert av NBU

Ragnfrid debuterte på Samlaget med ungdomsromanen Okkupert kjærleik i 2000. Seinare har ho blitt NBU-medlem og vore styremedlem i organisasjonen. Noko som hadde stor påverknad på henne.

– Styrearbeidet i NBU fekk meg til å løfte blikket frå eiga skriving og eg begynte å interessere meg for barnelitterære problemstillingar som gjekk utover forfattargjerninga. Det var faktisk NBU-arbeidet som gjorde at eg fekk lyst til å arbeide i forlag; eg ville vere med på å legge premissa for barnelitteraturen og lesaren på ein meir overordna måte enn eg kunne i skrivinga mi.

Trohaug har også i ein periode vikariert som forlagssjef i Samlaget og er no i sluttspurten med ein MBA-leiing-grad. Denne erfaringa har også vore viktig for å gå vidare i karrieren.

– Å få høve til større leiaransvar var også avgjerande for å takke ja til Cappelen Damm, seier Ragnfrid, som tar til i den nye stillinga 1. august.

– Kva gler du deg mest til med å bli redaksjonssjef i Cappelen Damm?

– Cappelen Damm har jo ein enorm sterk portefølje, tydelege forfattarar og illustratørar og ein stolt tradisjon. Det å få stå på skuldrene av denne tradisjonen og legge framtidige planar, klekke ut lure ting saman med redaksjonen, heile Barn & Ungdom-avdelinga og forfattarane, gler meg veldig til.

– Sjølv om du blir sjef, vil du framleis arbeide som redaktør også?

– Som redaksjonssjef kjem eg nok til å ha nokre redaktørprosjekt også, det har dei fleste redaksjonssjefane i Cappelen Damm. Det er ein fin måte å kunne vere tett på det det handlar om, nemleg litteraturen og forfattarane som skriv han, seier Ragnfrid.

NBUforfattere.no gratulerer Ragnfrid med jobben og ynskjer henne masse lukke til!