Når kalendaren viser september, tar forfattar Ingelin Røssland over redaktørstolen for både NBUforfattere.no og NBUtipset.no. – Det er to draumejobbar for meg! seier Ingelin Røssland.

Foto: Lars Myhren Holand/Samlaget

Etter bare fire månader som redaktør for NBUforfattere.no må eg diverre gi slepp på jobben. Heldigvis har styret i NBU funne ein særs god erstattar: Ingelin Røssland, som ikkje akkurat er ei novise, verken som journalist, forfattar eller i NBU-samanheng. Ho har nemleg bakgrunn som både medlem av Det litterære råd i NBU og som journalist.

– Mitt forhold til NBU har vore nært og godt sidan den dagen eg kom inn i varmen. Eg kjente straks at dette var eit fellesskap eg ville vera ein del av og bidra til. Å få sitja i Det litterære råd var ein draum heilt frå start, så eg er veldig glad for at eg fekk tillit frå medlemmane til å sitja der. Nokre av mine beste og mest interessante vennskap i vaksen alder er med andre NBU-forfattarar, seier Røssland.

Har sakna å lese

I tillegg til å bli redaktør for nbuforfattere.no, får ho også ansvaret for NBUtipset.no.

– Redaktør for NBUforfattere og NBUtipset er jo to draumejobbar for meg. Eg får meir innsikt i NBU sitt arbeid for medlemmane og må halda meg oppdatert på det viktigaste som skjer i kulturfeltet for NBU sine medlemmer. NBUtipset er ein fin måte å stilla abstinensen etter å ha sete seks år i rådet. Eg har sakna å lesa alt det nye som kjem ut. No får eg i alle fall lese ein god del av det som kjem ut. Og eg les alle omtalane. Alle burde lesa NBUtipset, seier ho.

Å finne den viktigaste informasjonen

Ingelin har allereie starta arbeidet med å vidareutvikle innhaldet på NBUforfattere.no. Kva vil ho at nettsida til NBU skal vere?

– Eg vil at det skal vera ei nyttig side der ein finn den viktigaste informasjonen ein treng som forfattar både når det gjeld kontraktar, rettigheiter, søka stipend, etterutdanningar og aktuelle saker som styret jobbar med. Det er også viktig at sidene er ryddige og at det ikkje blir for mykje av alt. Dette er nok den største utfordringa, for det er så mykje som er både spanande og viktig.

Ingelin Røssland (f.1976 Tysnes i Sunnhordland) bur på Lidingö, Sverige. Debuterte i 1998 med ungdomsromanen Viss du vil. Medlem i NBU sidan 2002. I haust kjem bok nummer 14, Hevner. Ei bok om synda å sjå den andre vegen når andre blir grisebanka og mobba. Turde ikkje søka medlemskap i NBU før etter tre bøker. Har vunne nokre prisar og er omsett til engelsk, fransk, tysk og færøysk. Ungdomsromanen og den realistiske sjangeren står hjarta nærmast. Har smygdraumer om å skriva fantasy, men er ikkje utstyrt med så god fantasi.