Pressemelding:

Per Olav Kaldestad er festivalforfattar under verdas einaste nynorske barnebokfestival – Falturiltu på Stord – i 2017. Tema blir Svev og stev, inspirert av kjærleiken hans til fuglar og dikt, og dikt for barn blir eit hovudfokus under denne ellevte festivalen.

Kaldestad treff ein gjennom heile veka, først på den store Falturiltufesten i Stord kulturhus, søndag 5. november. Her får han med seg bandet Morgonfrosken, barnekoret Levande Lys, Aspaneog dansarar frå Stord kulturskule. Morgonfrosken kjem til å turnera Sveio, Bømlo og Kvinnherad i samarbeid med Den kulturelle skulesekken og Falturiltu. Per Olav Kaldestad vil besøke skular på Stord saman med forfattar Ruth Lillegraven som ein del av ein lesekampanje for 3. trinn i samarbeid med Stord folkebibliotek. Kaldestad si bok Når morgonfrosken syng, er inspirasjon for opplevingsløypa Syng morgonfrosken?, laga av studentar ved HVL og framført i Aulaen på høgskulen. Kaldestad vil også snakka om eigen forfattarskap under det faglege seminaret på HVL, torsdag 9. november.

Falturiltu går av stabelen på Stord 4.-11. november.
Les meir om programmet hos Falturiltu.