I høve NBU sitt 70-årsjubileum har vi gitt bort 10 forfattarbesøk til skulebibliotek over heile landet. 27.-29. september er forfattarane ute for å møta elevar. Skulebiblioteka er plukka ut slik at det meste av landet skal vera representert. Det var også eit poeng å plukka ut gode og velfungerande skulebibliotek.
Grunnen til det er Aksjon skolebibliotek som vi i NBU er ein del av.

 

Forfattar i full aksjon.

Marius Molaug besøkte Lilleaker skole i Oslo.

Stemningen stod sjølvsagt i taket då han las og fortalde om «Verdens verste venn».

Foto: Taran L. Bjørnstad

 

 

 

 

God stemning var det også på Ekeberg skole som fekk besøk av Tone Almhjell som las frå og fortalde om boka Vindeltorn.

Wilds Minne skole hadde besøk av engasjerte Tiril Valeur som teikna og fortalde frå sine bøker.

Foto: Mari Moen Holsve.