2017 er over, og NBUs Litterære råd har oppsummert. Rådsleiar, Tor Arve Røssland, intervjuer seg sjølv.

Tor Arve Røssland, leiar av det litterære råd i NBU

–  Ser du nokon klar tendens når det gjeld barne- og ungdomsbøkene i 2017?

 Som vanleg er det vanskeleg å sjå klare tendensar som overskuggar dei andre. Vi hadde ein jamn og fin straum både av ungdomsbøker, og bøker for mindre barn. Kanskje ikkje så frykteleg mange bøker for dei midt i mellom, men akkurat dette er ikkje ein ny tendens. Vi treng fleire som skriv for mellomtrinnet.

 

Det er kanskje litt mindre fantasy og dystopiar enn før, og meir realisme. Med unntak av at Asbjørn Rydland vann Uprisen med Vegandi – Galderstjerna. Men dei nominerte til årets Upris viser oss ei liste dominert av realisme. I tillegg såg vi opptil fleire bøker om flyktningkrisa. Som biletboka Papelina av Randi Fuglehaug og Hver morgen dyppet min søster brystene i isvann for å bli pen av Bjørn Sortland. Dette trur eg det kan kome meir av.

–  Korleis står det til med debutantane?

I 2016 dominerte Aschehoug debutantlista fullstendig, og dei var sterke i 2017 også. Men det var ei litt sunnare spreiing på dei store forlaga, kanskje med unntak av Gyldendal som berre hadde ei debutbok for barn og unge i fjor.

Cappelen Damm hadde sju debutantar spreidd ut over alle aldersgrupper. Aschehoug kom med fem, deriblant Manghild Winsnes sin nydelege grafiske roman Hysj, som vi i rådet likte så godt at vi nominerte den til Trollkrittet.

Og Samlaget slo til med 3.5 debutbøker.

– 3.5 debutbøker? Korleis går det an?

Hilde Kvalvaag og Sturla Bang skreiv boka Under saman, og Bang er debutant, medan Kvalvaag er både prisbelønt og erfaren. Spennande med slike samarbeidsprosjekt.

–  Men tilbake til debutantane. Kven andre er nominert til Trollkrittet for 2017?

 I år hadde vi mange ekstremt gode kandidatar, og i tillegg til allereie nemnte Hysj, så er Camilla Sandmo nominert med Kan vi bare late som på Vigmostad & Bjørke. Linda Klakken med Dumme, dumme hjarte, på Det norske samlaget. Og Espen Dekko med P+E på Magikon; denne er illustrert av Mari Kanstad Johnsen. Ei fin spreiing både i sjanger og uttrykk. Og det er alltid spennande å lese debutantar, og diskusjonen rundt desse er noko av det kjekkaste med å sitje i rådet.

–  Her er det to bøker som tar opp tema homofili. Var det mange bøker som gjorde det i 2017?

 Ikkje overveldande mange. Ikkje mange nok til at det var ein dominerande trend. Men at to debutantar skriv om homofili er med på å normalisere det i barne- og ungdomslitteraturen, noko som er bra for den oppvoksande generasjonen. At nokon kan skrive så fint om eit så viktig tema er rett og slett hjartevarmande.

 – Korleis står det til med humoren i fjorårets barnebøker?

 Litt som før, eigentleg. Ein del morosame seriar har vi jo. Få enkeltståande titlar, med eit herleg unntak frå Arnfinn Kolerud med boka Snillionen. Det er sjeldan eg gapskrattar av ei bok, men Kolerud har ein heilt særeigen stil som treff midt i lattermusklane. I tillegg har den eit fint bodskap, utan å moralisere. Det er ikkje så lett å få til.

–  Er det nokon som tør å ta opp skikkeleg vanskelege tema?

 Ja, så absolutt. Anders Totland tok opp overgrep i ungdomsboka Så lenge ingen ser oss. Og tidlegare leiar for NBU, Bjørn Ingvaldsen kom med den særs sterke boka Lydighetsprøven, som omhandlar vald mot barn. 2017 var verkeleg Ingvaldsens år, med nominasjon til Nordisk råds barnelitteraturpris for Far din, og at Lydighetsprøven er nominert til både Bokslukerprisen og Uprisen. Det er litt av ein prestasjon.

Sidan eg no skal ut av rådet vil eg tillate meg sjølv om nemne ei bok eg har skrive sjølv. Dronen, som tar opp radikalisering, om ein fjorten år gamal gut som blir lokka inn i eit nasjonalistisk miljø.

Elles er det ein del bøker der barn og ungdom har ymse diagnosar, eller kanskje meir vanleg at dei har venner eller familiemedlemmer med diagnosar, og at dette blir problematisert. Kanskje det hadde vore fint med ei bok der desse barna blir framstilt som meir enn diagnosen sin?

–  Korleis står det til med salet av norske barnebøker?

 Det er som vanleg dei utanlandske seriane som dominerer bokhandlarane, så her har innkjøps- og salssjefar framleis ein lang veg å gå for å profilere norske bøker i butikkane. Men norske seriar gjer det også bra. Jørn Lier Horst knuser sine eigne rekordar med Detektiv byrå nr 2 og Clue-serien. Og ein annan ein gledeleg nyheit midt opp dette var at Bjørn F. Rørvik og illustratør Gro Moursund si biletbok Bukkene Bruse begynner på skolen faktisk var den nest mest selde boka i Noreg i 2017. Uavhengig av sjanger og aldersgruppe! Rett bak Jo Nesbø. Det må vere lov å skryte litt av slikt, sjølv om Rørvik også sit i rådet.

 – Kva tenkjer du om situasjonen for barne- og ungdomsbøker?

 Ein ting vi har ofte diskutert i Det litterære rådet er den generelle kvaliteten på bøkene. Og ofte ser vi at ei rekkje bøker ikkje får ei like grundig redaksjonell behandling som andre. Dette kan like gjerne vere bøker av kjende og suksessfulle forfattarar, som ein ukjend debutant. Det virkar som om enkelte bøker og forfattarskap er laga for å selje i store kvantum, og dermed ikkje får den same redaksjonelle kvalitetskontrollen som andre bøker. Om dette er fordi bøkene «berre» skal seljast til barn, veit eg ikkje, men det er vanskeleg å oversjå noko slikt, når ein sit og les alt som kjem ut i mange år i strekk. Men heldigvis kjem det ut mange gjennomarbeide, solide og kunstnarisk sterke bøker for både barn og ungdom i dette landet. Både som seriar og enkeltståande titlar.

–  Har sjølvpubliseringa klart å etablere seg?

 Tja, det har vel ikkje vore veldig mange suksessar, verken økonomisk eller kunstnarisk, og det er heller ikkje slik at vi automatisk les alt som kjem ut på sjølvpubliserte forlag. Hovudsakleg fordi vi aldri får bøkene tilsendt. Men det har likevel vore ein del som har søkt medlemsskap dei siste åra som har gitt ut bøker på eiga rekning. Her er det mykje rart å lese. Dei aller fleste forfattarar treng å samarbeide med ein profesjonell redaktør for å få det meste ut av tekstane sine. Men som sagt, det er slett ikkje alle bøker frå dei store forlaga som er like gjennomarbeida heller. Eg ser ikkje bort frå at det kan kome flotte bøker frå dei mange bittesmå forlaga i framtida.

–  Kva trur du om 2018? Kva håpar du på?

 Eg håper at fleire forfattarar kan klare å leve av kunsten sin, og forlaga våger å tenkje enno breiare. Og at vi får fleire arbeidsstipend til forfattarar av bøker for barn og unge. Reint litterært så er det kjekt å bli overraska av noko ein ikkje har gått rundt å venta på.

Vi må verne om innkjøpsordninga og kunstnarstipenda. To viktige faktorar som vi aldri bør ta for gitt, plutseleg ein dag er dei borte.

Tor Arve Røssland

Leiar, det litterære råd