Nominert til Trollkrittet 2018: Camilla Sandmo «Kan vi bare late som» Vigmostad & Bjørke

Grunngjeving for Nominasjon:

Emma har kunstløp som sin store hobby, eller eigentleg er det mor som er mest engasjert. Ho er med på kvar einaste trening og kommenterer og kjem med forbetringsforslag. Emma er berre halvgod på isen og misliker moras detaljstyring. Heime er fornuftige far og superflinke storesyster Oda. Emma flykter inn på rommet og inn i PC-spelet The Sims, der kan ho lage ein perfekt versjon av seg sjølv og hemne seg på alle ho mislikar. Forventingspresset er overalt og det virkar som om Emma føler seg fanga.

Ein dag blir ho kjent med Jossi, ho speler på gutelaget i hockey, og Emma forelskar seg. For dette er først og fremst ei bok om forelsking. Emma slutter med kunstløp og byrjar med ishockey i staden for. Til moras store frustrasjon. Prestasjonskravet blir erstatta med gleda over å vere på lag med dei andre. Men dette er først og fremst ei bok om kjærleik og forelsking. Og det er verkeleg nydeleg skildra.

Dette med kjærleik mellom to jenter blir ikkje overproblematisker, det framstår nokså naturleg i handlinga, og eit par av dei mest romantiske scenane er storslagne. Som når Emma og Jossi kysser på bordet i kantina med «Don`t stop me now» av Queen på full guffe. Dette er slikt som hadde gjort seg på film.

Dette er ei skikkeleg feel-good bok. Emma og Jossi er eit herleg par, vi heier på dei gjennom heile boka. Kranglane mellom med mora og systera er frustrerande men veldig truverdige. Gjennom sin eigen modingsprosess skjøner Emma etterkvart meir om kvifor mora reagerer slik gjer. Alt er ikkje slik som ho trur med systera heller. Fasadar slår sprekker, og Emma føler seg gradvis litt betre.

Korleis det heile endar skal eg ikkje røpe. Men det er både rørande og trist når boka er ferdiglest. Og det vel slike kjensler ein skal sitje igjen med etter ei skikkeleg god bok? Camilla Sandmo har god kontroll både på karakterar, miljø og handlingsforlaup. Men det er dei fine kvardagslege skildringane innimellom som verkeleg gjer boka god, både når det handlar om små og store kjensler.

Ungdsomslesaren pleier å etterlyse ein oppfølgar, med ein gong dei har lese ei bok dei likar. Og eg må seie meg einig. Eg vil ha meir om Emma og Jossi!

 

Tor Arve Røssland

Ansvarlig redaktør: Alexander Løken
Redaktør: Elin Hansson

E-post: sekretariat@nbuforfattere.no

Telefon: (+47) 22 47 85 70

Postadresse: Postboks 1898 Vika, 0124 Oslo