Saksa:
Språk og nynorsk i barnehagen
Femåringane Vanja Helen Lunde og Maria Lunde fortel at dei høyrer lett forskjell på ulike språk. - Les bøker på nynorsk for barna, rår ein av førelesarane på nynorskkonferansen på kulturhuset denne veka.
Dette skriv Suldalsposten
Janne K. Støylen var ein av føredragshaldarane under nynorskkonferansen med barn i fokus, arrangert på Sand tysdag. Ho viste til det store tilfanget av materiell på nynorsk, også ny barnelitteratur. - For det er rein løgn når folk seier at det ikkje finst nye barnebøker på nynorsk. Då er det formidlingsleddet det kjem an på, slo Støylen fast. Ho refererte også til lyrikkskatten som alltid har stått sterkt i folk sitt medvit, men la til at faglitteraturen ligg hakk i hel, og at barnebøker framleis sankar gjæve prisar. Også omsette bøker held svært høg kvalitet.
Vaksne har eit ansvar
Universitetslektor Ingeborg Mjør fortalde at styresmaktene sin motivasjon for nå å satsa bevisst på språkmiljø og språkstimulering, har sin bakgrunn i det tospråklege og fleirkulturelle samfunnet. – Og barnehagane må ta konsekvensen av eit kulturelt og språkleg mangfald som så vil gje sosial utjamning og fremja språkutviklinga, sa Mjør.
Vidare viste ho korleis språket utviklar seg i samtale med andre og oppfordra vaksne til å ta initiativ til samtale og for å halda samtalen oppe. Ho gav også eksempel på barn si evne til å sansa variasjonar i språket: ”Det heiter hua, ikkje lue”, kan dei seia. – Men viss me gir dei reiskap til å forstå desse språklege variasjonane, treng barna ikkje lenger hevda at andre snakkar feil.
Din kommentar:




Sist kommenterte artikler:
(3) Å lure et barn 04.09.10 (1) Vekk med rosa, blått og regnbue! 18.08.10 (2) - Fjern henne fra bokhyllene 18.06.10 (12) Skolebibliotekarforeningens litteraturpris til Arne Svingen 03.06.10 (8) Barne- og ungdomsbokåret 2008 01.06.10 (1) Er barnelitteraturen like god som voksenlitteraturen? 08.05.10 (5) - Fjern barnebøker med banning! 16.03.10 (1) Teskjekjerringprisen til Maria Parr 20.01.10 (3) Pappa fortalte aldri at negrene var drikkfeldige 06.11.09 (3) Dobbel adresse i ungdomsromaner 31.10.09