Faglig:
Kunsten å vera fjortis
Som fjortis leita eg i musikk, bøker og film etter noko som kunne spegla meg. Som forfattar leitar eg framleis like intenst gjennom historiene og menneska eg diktar opp. Gjennom å leva meg inn i situasjonar som kan vera framand for meg i utgangspunktet, leitar eg etter det som er likt. Det som gjer at vi kan spegla oss i kvarandre.
Av: Ingelin Røssland
Min indre fjortis
Etter mi meining skal litteratur for ungdom vere modig og ærlig. Eg meiner det er frekt mot ungdommane å halda tilbake, og å vera redd for at det finst tema dei ikkje tåler å lesa om. Å tru at ein ungdom blir narkoman av å lesa ei bok der det står om hasj, er naivt. Det er ein større fare at ungdom ikkje les i det heile.
Eg skal innrømma at eg nokon gonger har lyst til å vera feig og vil svikta min indre fjortis. Eg kan nokon gonger kjenna at eg gjerne skulle skrive noko søtt og ufarlig. Det er då min indre fjortis er nøydd til å ta meg hardt. Køyra meg til veggs og stilla meg det ubehagelige spørsmålet; Kva var det du likte å lesa om då du gjekk på ungdomsskulen? Svaret eg kjem med, er ei rekke ord som alle hamnar i sekken for snusk. Eg trur ikkje at eg var ein eineståande tenåring med ein heilt unik smak.
Meir enn snusk
Eg meiner på ingen måte at det å skriva bøker med så mykje banning og puling som mulig, er formelen for ei god ungdomsbok. Det var heller ikkje sånn at eg som fjortis las heile bøkene der ”dette forbodne” stod. Ofte slo eg berre opp i bøkene, las grisepreiket og sette boka fint på plass igjen. Det måtte vera noko meir der, for at eg skulle lesa heile historia. Noko eg kunne kjenna meg igjen i, noko som kanskje fekk meg til å tenka nokre nye tankar eller syna meg ei ny side av livet og verda.
Som forfattar synest eg heller ikkje det er så fryktelig spanande å skriva om for eksempel sex. Det eg synest er meir spennande, er det som skjer rett før sex, og i etterkant. Eg er i det heile oppteken av kva konsekvensar handlingane våre får, og kva det er som får oss til å gjera det vi gjer. Spesielt oppteken er eg av alle dei kjipe tinga vi gjer mot kvarandre, og særlig mot dei som står oss nær. Så kan ein heller krydra med litt gladsnusk, viss det passar. Viss ein prøver seg på det motsette, skriva masse snusk og slenga ei lettbeint historie på toppen, så vil det funka dårlig. Ungdom er ikkje så teite og lettkjøpte.
Fan eller berre pokker?
Kva språk skal ein bruka i ungdomsbøker? Vil ungdom ta skade av stygge ord? Kan ungdomsbøker som mine, vera lærebøker i banning? Nei, det trur eg ikkje. Barn og ungdom klarar fint å læra seg stygge ord på eiga hand. Med fare for å bli for personlig, kan eg røpa at det første ordet eg lærte meg å stava var fan. Det gjorde eg i doggen på glaset i barnehagen. Resultatet var at førskulelæraren tok meg i armen og kasta meg på gangen. Der fekk eg sitta i trappa og tenka over synda mi, mens eit stor blåmerke utvikla seg på armen. Eg anda på glasruta ved trappa der eg sat, og skreiv fan ein gong til. Det finst situasjonar i livet der pokker ikkje strekk til.
Eg reiser mykje rundt på skular og snakkar om bøkene mine, og nokre gonger spør ungdommane om kvifor det er så mykje banning i bøkene. Det er eit fint spørsmål å få, og resulterer ofte i bra diskusjonar om språk.
Kva gjer vi vidare?
Det kan opplevast som eit problem at ungdomslitteratur ikkje blir teken på alvor. Bøkene blir sjeldan eller aldri vurdert og meldt av litteraturanmeldarane, og vi har ingen ordentlig debatt om ungdomslitteratur. I den grad nokon skrik opp, er det fordi dei har oppdaga eit banneord eller at det står noko om rus eller sex. Ofte kan det kjennast heilt meiningslaust å skriva bøker for ungdom fordi det er ingen som bryr seg, og fordi det vi gjer har i låg status. Det er ikkje fint nok å vera ungdomsbokforfattar. Vi er berre drit.
Sånn eg ser det har vi berre eit val, og det er å i alle fall sjølve tru heilhjarta på det vi gjer. Vi må vera ærlig, tru og modig. Berre sånn kan vi skriva den litteraturen ungdom fortener. Berre sånn kan vi nå målet om å vera viktig og relevant.

Foto: Joar E.M Klette
Ingelin Røssland (født 19. februar 1976) er en norsk forfatter og journalist. Hun vokste opp på Tysnes i Sunnhordland. Røssland debuterte som forfatter i 1998 med ungdomsromanen Viss du vil. Senere utgivelser er: Kunsten å inhalera (2001), Flyt (2002), Handgranateple (2006), Monstertanta (2007). Sentrale tema i bøkene er å finne seg sjøl og sin plass i en kaotisk verden. Videre forholdet til foreldre, venner, rus, sex og vold mot seg sjøl og andre. Alle bøkene er utgitt på Det Norske Samlaget. Røssland er utdannet skuespiller ved Bergen Teaterskole og innen journalistikk og dokumentarfilm ved Høgskulen i Volda. Hun har vært ansatt i NRK fra 2003 til utgangen av 2007, der hun arbeidet for fjernsynsprogrammet Newton på NRK1. Hun har også arbeidet som journalist i avisene Tysnes, Hardanger Folkeblad og Haugesunds Avis. Hun har mottatt Sunnmørsprisen 2006 (for boka Handgranateple), Uprisen 2007 (for boka Handgranateple), Sigmund Skard-stipendet 2007 og Guro Sandsdalens litteraturpris for 2007.



Sist kommenterte artikler:
(3) Å lure et barn 04.09.10 (1) Vekk med rosa, blått og regnbue! 18.08.10 (2) - Fjern henne fra bokhyllene 18.06.10 (12) Skolebibliotekarforeningens litteraturpris til Arne Svingen 03.06.10 (8) Barne- og ungdomsbokåret 2008 01.06.10 (1) Er barnelitteraturen like god som voksenlitteraturen? 08.05.10 (5) - Fjern barnebøker med banning! 16.03.10 (1) Teskjekjerringprisen til Maria Parr 20.01.10 (3) Pappa fortalte aldri at negrene var drikkfeldige 06.11.09 (3) Dobbel adresse i ungdomsromaner 31.10.09