Norsk Barne- og Ungdomsbokforfattere
NBU Logo
Blodrik og Blodfabrikken

Blodrik og Blodfabrikken

Kari Stai

Blodrik er proppfull av blod, og må tappe blod kvar dag for ikkje å sprekke. Da er det godt å ha den tørste Myggen som venn. Blodet bruker dei i Blodfabrikken. Der lagar dei alt mulig som er veldig raudt, som chiliketsjup, neglelakk, julepynt. Og jukseblod.
Ein dag står triste Vanda i døra og spør om dei kan lage eit nytt hjarte til hunden hennar Ruth, som ho saknar så grueleg. Det gamle hjartet har slutta å virke. Dei legg ein plan. Men planen går ikkje heilt som den skal.
Kari Stai debuterte med bildeboka Jakob og Neikob, ei bok ho vann Kulturdepartementets debutantpris for. No er ho tilbake med ei varm og artig historie om den einsame og blodsprengde kjempa Blodrik som får seg ein venn.

rss

Innlegg:

Porno for barn

Eg har dei siste dagane hørt litteraturformidlarar påstå at mi siste barnebok TJUVEN er det nærmaste ein kan komma porno for barn. Eg har hørt at ei stor forsamling litteraturformidlarar alle var einige om at denne boka ville dei ikkje formidla til noko barn. Boka burde plasserast i biblioteket sitt magasin. Boka burde ikkje vore utgitt. Ein litteraturmeldar i Dagbladet har spurt om ikkje barn burde få behalda skamma og tabua sine i fred. Ho skriv også at boka burde vore utstyrt med varseltrekant. Men eg har også i ei bokmelding i Fædrelandsvennen lese at TJUVEN burde lesast høgt på skular og søndagsskular, fordi ho handlar om å tilgi.

av Rune Belsvik

Eg er forvirra.  Eg hadde ikkje trudd det skulle oppstå ein slik debatt.  Det liknar svært mykje på den gongen eg debuterte i 1979 med ungdomsromanen INGEN DRITTUNGE LENGER.  Den gongen var det også nokre som ville forby boka, og eg blei kalla inn i diverse studio for å diskutera.

Den gongen følte eg meg skulda for å bringa kroppens lyster inn på tenåringsromma.  At ungdommen til då hadde levd i ei boble der den einaste lysta som fanst var lysta til å vera slik mor og far prøvde å skapa dei.

Denne gongen føler eg meg skulda for å ha ført noko ureint inn på barnerommet.

Eg har sagt mange gonger at barnelitteratur ikkje må vera like sunt som tran.  Barnelitteraturen må ta sjansar.  Han må våga.  Slik all kunst må.  Ikkje berre underhalda og døyva og hjelpa til med å få tida til å gå.  Ikkje berre sjå på det enkle, det ferdigforklarte.  Ikkje berre fastholda det som alt er fast.  Jo, eg meinar det er viktig med underhaldande bøker for barn.  Spenning og krim.  Det er viktig med harmoniske og lette forteljingar.  Gode idyllar er også viktig.  Men eg trur mange barn kjenner seg aleine i sine eigne følelsar og tankar fordi det finst så lite forteljingar om det dei balar på med.  Det er utelatt.  Det er togn.

Eg er ingen pedagog – eg er forfattar.  Eg er ikkje på pedagogane si side, men på barna si side.  Og først av alt prøver eg å vera på sida til det barnet eg ein gong var.  Det barnet som framleis pregar meg så mykje og lurer på om det er ein plass for ein slik ein her i verden.

TJUVEN har det til felles med så å seia alt eg har skrive for barn, at eg prøver å nærma meg det eg kallar livsalvoret.  Det handlar om å vera til i verden som liten.  Å stå i si eiga uvisse.  Å stadig møta framande hendingar og utfordringar.  Eit barn som står i sitt naturlige utgangspunkt, og kolliderer med den vaksne kulturen.  Dei vaksne si forteljing om korleis verden er.  Det vaksne språket om kva kroppar og liv er.  Den vaksne sanninga.  Den vaksne fornektinga.

I mitt arbeid med denne boka var det viktig for meg å vita at det alt finst mange forteljingar om kroppslyster på barnerommet.  På mange barnerom står det fjernsyn og datamaskinar.  Det er telefonar og blad der.  Men dei fleste forteljingane om kroppens lyster er forteljingar om og for vaksne.  Slik det er framstilt i pornografien.  Dei gongene det er med barn i desse forteljingane handlar det ofte om incest og pedofili.

Tenk berre på dei grove forteljingane som har fylt media lenge no.  Desse forteljingane når fram til barn.

Eg ville skriva ei forteljing med utgangspunkt i korleis eg sjølv møtte desse lystene som sju-åtteåring.  Korleis det var å oppleva at ein kunne fikla med kroppen sin.  At det fanst noko godt og rart i livet som svært mange dreiv på med, men som eg til då ikkje hadde visst noko om.  Nok dei aldri snakka om på barne-tv.  Noko læraren aldri nemnde.

 Då ein kamerat lærte meg å ronka i 10-årsalderen, tenkte eg ein augeblink at dette burde eg læra far min også.  Eg forsto ikkje at det kunne finnast noko så godt, som det var så enkelt å få til, utan at folk snakka om det.   Men eg oppdaga snart at dette var ein av desse tinga ein tidde om.

Viss det er slik at språk er makt, så er min påstand at svært mange barn manglar eit språk kring sin eigen kropp og lystene og ulystene i denne kroppen.  Forteljingane om dette manglar.  Barna er språklause og maktelause i sitt møte med seksualiteten slik han kjem mot dei frå den vaksne kulturen.  Der det ofte er berre sex, eller ikkje sex i det heile tatt.  Derfor er det viktig at barn får eit språk kring dette.  Nokon må fortelja dei at dei bestemmer sjølv over sin eigen kropp.  At mykje som kan verka rart er heilt vanlig.  At det finst svært mange forteljingar om korleis barn opplever lystene og ulystene.  At det er heilt vanlig å ha meir lyst å plukka blåbær enn å gni seg naken mot kroppen til den ein er i skogen med.  Men at det motsette også er vanlig.  At det dei opplever faktisk kan forteljast.  Og vi som skriv for barn bør prøva å fortelja det.  Ikkje pedagogisk korrekt.  Men personlig og utforskande, slik vi kan dikta om det vi vågar å skriva om.  

Mitt ærend er ikkje å provosera, men å våga å ta på alvor det som barnet i meg framleis balar på med.  Å gå til dei stadene i sinnet som står einsame og usikre og nesten utan språk.  Eg føler framleis mange gonger at eg er liten og står ved ein sølepytt og nøler med å nærma meg dei andre.  Nøler med å visa meg fram.  Eg er redd at det stemmer det eg har ei aning om:  At eg eigentlig ikkje passar heilt inn i denne verden.  

Eg synest det er trist å høra at formidlarar av norsk barnelitteratur seier at dei ikkje vil formidla TJUVEN.  Litteraturformidlarane er mange, og dei er mektige.

 

Les Dagbladets artikkel her.

Bookmark and Share

Din kommentar:

Kommentar:
Navn:
Alle feltene må fylles ut!

Kommentarer (16):

Kjersti Scheen25.03.09 19:52
Dette var gjennomtenkte og fine ord. Takk, kjære Gud for at vi har Rune. Takk Rune, for at du naturligvis ikke gir deg, for du veit at det er sant alt du sier.
Kjersti Scheen17.03.09 10:38
Dette var gjennomtenkte og fine ord. Takk, kjære Gud for at vi har Rune. Takk Rune, for at du naturligvis ikke gir deg, for du veit at det er sant alt du sier.
Kjersti Scheen23.02.09 10:55
Dette var gjennomtenkte og fine ord. Takk, kjære Gud for at vi har Rune. Takk Rune, for at du naturligvis ikke gir deg, for du veit at det er sant alt du sier.
Eivor Bergum20.10.08 16:15
Kjære Rune, du passer inn i min verden og i mine barnebarns verden! I 1993 kom barneboka mi Spetakkel og Mosling ut, om de to kompisene på 10 år som hadde gjemt blader med nakne damer oppe skapet. Og som oppdaga at tissen vokste når de titta på de pene jentene. De visste også at når strenge farmor skulle komme på besøk, måte de kvitte seg med bladene. (At det endte med en nedbrent utedo og full brannutrykning, er ei anna historie.) Boka ble lagt til rette for NRK, opplest av skuespiller Lasse Lintner og sendt i Barnetimen for de minste, Radioransj og Hokus Bokus. Med stilige sanger og rockelåter komponert spesielt av Andris Snortheim. Men hva var utelatt? Pasusen om hva som skjedde med de små guttekroppene når de titta på de fine, nakne damene. Dette var i 1993. Det overrasker meg at du har fått slike reaksjoner i 2008, du omtaler hendelsene på barnas premisser og fysjomreaksjonene er et produkt av voksnes projisering og forestilling om seksualiteten som tross alt er medfødt.
Ragnfrid Trohaug01.10.08 14:01
At bokfolk/meldarar/formidlarar kan vere så upresis i språkbruken at dei har openberre vanskar med å skilje mellom omgrepa seksualtitet og porno, er fortvilande. Men eg vil berre seie at denne skatten av ei bok omhandlar noko så viktig som den augneblinken ein skjønar at ein er ein eigen person, at ein ikkje heng saman med foreldra sine lenger, at noko uoppretteleg har skjedd, at ein er blitt vaksnare i tankane. Tjuven er rett og slett ein flott, moderne variasjon av Rasmus Lølands "Kor vart det av jula?" Jolver stel pengar og lyg, Hallvard knuser ei flaske i vanvare når han snik i kista til bror sin, og lyg om det. Desse hendingane markerer steget ut av barndommen.
Bente Bing Kleiva29.09.08 14:12
Kjære Rune Belsvik! Takk for mange gode bøker fra første stund og takk for et fint og klokt innlegg her. Jeg har hatt stor glede av å formidle bøkene dine til barn og unge og jeg ser fram til å lese boken din! Jeg håper du fortsatt vil være modig og skrive det du har på hjertet!Du er en flott og viktig forfatter for barn og voksne!
Per Olav Kaldestad25.09.08 20:29
Kjære Rune, Nyss heimkommen frå utlandet ser eg at det har pågått ein oppskjørta litteraturdebatt her heime. Eg las nett orda dine her på sida, og vil gjerne takka deg, eg òg. Så lysande klart og fint er det berre du som kan få sagt det. Takk for sterke, modige, viktige og vakre bøker gjennom snart tre tiår! Eg ser fram til å lesa den nye - og stadig nye.
Henning Lystad21.09.08 02:01
I mine øyne har Ine Marit Torsvik Bertelsen gitt media et forvrengt bilde av Tjuven, som har farget hele debatten. Hun kaller boka porno for barn og hun klipper ut de ”saftigste” partiene og presenterer dem løsrevet fra helheten. Dagbladet tar åtet, at en kjent og kjær forfatter skriver barneporno (som det har vokst til) er garantert sjokknyhet. I kjølvannet kommer et ras av kommentarer og debattinnlegg. Felles for dem alle er at ingen faktisk har lest boka. De uttaler seg kun på grunnlag av sitatene som Bertelsen har valgt ut - med størst mulig sjokkeffekt i tankene? Premisset til Bertelsen er feil, barna i Tjuven har aldri sex med hverandre, uansett hvor mye de gnir seg uten klær. Å kalle boka porno for barn på grunnlag av de veldig sobre skildringene av Jolver og Elines gniing, er bare latterlig. Dessverre er det ”sex” og ”porno” som sitter igjen som etterlatt inntrykk når debatten er over. Litteraturformidleren har kanskje gjort ubotelig skade på boka, godt hjulpet av Dagbladet .
Kjersti Scheen18.09.08 19:34
Dette var gjennomtenkte og fine ord. Takk, kjære Gud for at vi har Rune. Takk Rune, for at du naturligvis ikke gir deg, for du veit at det er sant alt du sier.
Kari Sverdrup18.09.08 13:20
Kjære Rune Takk for dette viktige innlegget, og takk for den nydelige boka! Det er underlig å lese og høre slike innlegg som dem man kan lese i Dagbladet og på enkelte blogger om din bok fra moraliserende voksne som ikke evner(?) / eller ser at din bok litterært skildrer faser i ett hvert barns naturlige utvikling på en vár og vakker måte. Måtte det komme flere slike bøker fra forfattere som kan skrive det godt! Det er underlig å lese /lytte til voksne som moraliserer på barns vegne i en tid der hver unge kan finne rå voldsporno på nettet, eller se særdeles voldelige innslag på tv-filmer og Dagsrevyen. Du har tydeligvis greid å tøye ett av de siste tabuene i barnelitteraturen (enda jeg faktisk trodde at det var brutt for lenge siden.) Og jeg er sikker på at mange av leserne av boka di vil kjenne seg igjen, og dessuten få stor glede av en litterært sett meget god bok. Ser at du har fått mange støtteerklæringer på Facebook også.
Wenche Andresen, bibliotekar17.09.08 12:01
Kjære Rune Belsvik! Takk for viktige bøker! Kunne ønske du skrev da jeg var barn. Du er en viktig forfatter og bøkenen dine lever sine egne liv og betyr mye for mange til tross for tullete og bakstreverske forsøk på sensur. Takk!
Dag Larsen17.09.08 11:18
Kjære Rune, jeg hørte fru Krøger i Dagsnytt Atten i går, i debatt med Anders Heger. Selsomt. Selsomt fordi vi har hørt det før, men er det ikke lenge siden vi har hørt en kritiker så ensidig advare mot en bok på et moralsk grunnlag, da? Eller var det ikke en kritiker fra Dagbladet jeg hørte? Kunne det være en kaklende forarget voksen, enda en som visste veldig godt hva barn bør ha og ikke ha? Tja, si det. I likhet med Eli Frisvold synes jeg du kan ta det med ro. Jeg tror ikke formidlerne klarer å stanse denne boka. Du er altfor god til å la deg stanse av slikt.
Atle Hansen16.09.08 17:10
Gode Rune, du har skrive ei veldig god bok. No har eg nett lese ho, og det er eg glad for. Gler meg til å høyra deg på Stord i november. (Og for dei som ikkje veit kva Rune skal gjera der, sjekk www.falturiltu.no)
Mari Nordø Pettersen15.09.08 08:40
Det er Dagbladets kritiker som bør utstyres med varseltrekant...
Eli Frisvold14.09.08 23:31
En selsom debatt Først vil jeg kommentere ”debatten” som Ine Marit Torsvik Bertelsen prøvde å sette i gang på forumet BibliotekNorge. Av de som svarte her var det ingen som kunne se at boka hadde noe med porno å gjøre, ingen hadde problemer med å formidle den, tvert i mot var det enighet om at dette var en svært viktig bok. Siden har altså Dagbladet tatt saken. Litt pussig at en avis som på hele førstesida lar Mia Gundersen fortelle for hele nasjonen at hun har gått til sengs med Røkke går fullstendig av skaftet over en barnebok som forteller om seksualitet på barns premisser. Rune Belsvik. Du kan ta det helt med ro. I den grad man kan uttale seg på vegne av flere vil jeg hevde at jeg kjenner det norske barne- og ungdomsbibliotekar – miljøet så godt at jeg tør påstå at det er svært få som vil utstyre boka med ”varseltrekant” eller sette den i lukka magasin. Takk for boka! Hilsen Eli Frisvold Barne- og ungdomsbibliotekar
Kjersti Scheen13.09.08 13:05
Dette var gjennomtenkte og fine ord. Takk, kjære Gud for at vi har Rune. Takk Rune, for at du naturligvis ikke gir deg, for du veit at det er sant alt du sier.
Tjuven

Tjuven