Norsk Barne- og Ungdomsbokforfattere
NBU Logo
Blodrik og Blodfabrikken

Blodrik og Blodfabrikken

Kari Stai

Blodrik er proppfull av blod, og må tappe blod kvar dag for ikkje å sprekke. Da er det godt å ha den tørste Myggen som venn. Blodet bruker dei i Blodfabrikken. Der lagar dei alt mulig som er veldig raudt, som chiliketsjup, neglelakk, julepynt. Og jukseblod.
Ein dag står triste Vanda i døra og spør om dei kan lage eit nytt hjarte til hunden hennar Ruth, som ho saknar så grueleg. Det gamle hjartet har slutta å virke. Dei legg ein plan. Men planen går ikkje heilt som den skal.
Kari Stai debuterte med bildeboka Jakob og Neikob, ei bok ho vann Kulturdepartementets debutantpris for. No er ho tilbake med ei varm og artig historie om den einsame og blodsprengde kjempa Blodrik som får seg ein venn.

rss

Oppsumering:

Noko for alle - om bokåret 2009

Eg sit igjen med inntrykket av at bokåret 2009 var eit mangfaldig og veldig jamt år, der mange forfattarar kom med solide bøker. Eg skulle ha ønska at mangfaldet i bokåret hadde kome meir fram i debattar. Gjennom bokåret finst det noko som passar for alle, og det er like viktig som at ikkje alt skal passa for alle.

av Ingelin Røssland

 

Romanar og forteljingar er det beste eg veit. Mens dei som skriv for vaksenfolket diskuterer om romanen er død, så lever den heldigvis i beste velgåande her i vår krok av litteraturen. Eg hadde mange gode leseopplevingar, eller ”good reads” som det heiter på nynorsk i 2009.

            Taran L. Bjørnstad kom ut med kollektivromanen DBY, og dette er ei fryd å lesa for fjortisar i alle aldrar. Godt etablerte Tania Kjeldset gav oss romanen Juli, ein på mange måtar klassisk ungdomsroman. Men når blir ein eigentleg lei av å lesa historiar om jenta som møter guten? No vil eg med ein gong legga til at Kjeldset løyser historia på sin måte, og at det er ei bok som er vanskeleg å legga frå seg før den er ferdig. Mariangela J. Cacace sin vesle roman Sår om kunst, smerte, einsemd og om å overleva jenter sin utspekulerte vondskap mot kvarandre, går også fort å lesa. I Cacace sin roman er det ”jentejuntaen” som i hovudsak gjer livet surt for hovudpersonen, mens i Annette Münch sin roman er det ei knallhard jentelov som rår. Boka heiter Jenteloven, og i tillegg til å vera ei spanande bok har den årets kulaste cover. Münch er gjennomført stilig i alt ho gjer, og er ei forfriskande stemme som eg trur vil prega ungdomslitteraturen i framtida. Andre perler frå bokåret er Elsker av Sverre Knudsen, Jeg elsker deg av Hilde Hagerup, Ingen som røyker hopper strikk av Linde Hagerup, Super av Endre Lund Eriksen og Du skal vita alt av Helga G. Eriksen. Tone Ørvik og Yngve Sæther leverte begge lovande debutromanar i fjor. Ørvik sin roman, Bare for en uke, handlar om ei jente som kler seg ut som gategut og prøver seg som uteliggar ei veke. Forfattaren har tydelig god peiling på det ho skriv om, ho har jobba på eit herberge for gategutar i Dublin, og handlinga i boka går føre seg i same by. Håndbok for André er ein roman, men samtidig ei lærebok om film og forteljarteknikk. Boka til Yngve Sæther har mange flotte bilde, og er eit lite praktverk. At forlag tek seg råd til å gi ut sånne bøker, gler meg. Tankane mine gjekk automatisk til det svenske bokprosjekt Lyckad nedfrysning av Herr Moro med Roy Andersson i spissen. Mot slutten av Håndbok for André blei, ikkje uventa, denne boka referert til i handlinga.

 

Fart og sjølvtillit

Dette er slagordet til jenta med løvekrøllane, Tonje Glimmerdal. Tonje Glimmerdal er Maria Parr si andre bok, og oppfølgjar til den solide debuten Vaffelhjarte. Det knyter seg store forventningar til Parr sitt forfattarskap, som eg spår vil bli langt og gleda mange. Gledelig var det også at to bra vaksenbokforfattarar skreiv sine første barnebøker. Mette Karlsvik gav ut boka 1-2-TRE og Marita Liabø leverte Vida Vagabond blir haimat. Felles for Karlsvik og Liabø, er at både det komiske og kjensla av maktesløyse blir skildra med stort alvor. Like før jul kom debutanten Eivor Vindenes si bok Alt kan reparerast. Ei slags juleforteljing. Nye stemmer er spanande, men eg blir nesten enno meir glad og inspirert av etablerte forfattarar som leverer varene. Bente Bratlund har vist ein oppsving og vitalitet i sitt forfattarskap. I Eg er her får ho fram den fortvila kjensla av at ein kjenner seg svart og vond inni, når ein burde vore snill. Linnea har ein sjuk storebror, og ingen ser Linnea. ”Mamma seier alltid at snille jenter ikkje bannar. Men eg trur ho tar feil. Snille jenter bannar. Ikkje heile tida. Men når det trengst.” tenker Linnea i Eg er her. Det er noko ærleg over Bratlund sitt prosjekt, og det er det også over Rune Belsvik. I fjor rysta Belsvik bok-Noreg, og i år er Jolver frå  skandaleboka Tjuven tilbake i Forteljingar om Jolver. Belsvik tørr å skriva om alt, og det gjer han i eit språk som det er godt å vera i. Ei av historiene handlar om farmora. Jolver er redd for at farmor skal døy, og at han blir den som finn henne. ”Det er det same han er redd for kvar gong. At ho er inne i stova eller på kjøkenet, men at ho er død. At han vil sjå rett på døden. At han vil bli så redd, at redsla sett seg fast i han. Tenk om han ikkje toler det? Det er aldersgrense på filmar. Er det ikkje aldersgrense på døden?”. Eg les Belsvik med like stor glede som eg gjorde då eg var liten, for eg veit at han er ærleg og ikkje prøver å lura meg til å tru at alt er ok.

 

Dei mykje hata lettlestbøkene

Pakkar med lettlestbøker forsurar stort sett dagen min. Eg skal innrømma at eg les desse bøkene med ein større skepsis enn andre bøker. Men det glimtar til også her. Eg både lo og blei rørt av den vesle forteljinga Egil og pappa møter elgen av Camilla Kuhn. Ho har gjort både tekst og bilde sjølv. Boka er ein del av Gyldendal sin serie, lesestart, og gjer påstanden om at alle bøker i lettlestseriar er fordummande og dårlige til skamme. Det same gjer Hans Sande med boka Er du blind i dag, Elise? i leseløveserien på Cappelen Damm. Boka er ute på nynorsk og bokmål, noko forlaget har løyst med å ei åtvaring på nynorskutgåva. Det Norske Samlaget sin lettlestserie heiter Komet. To bøker som merkar seg ut i denne serien, var Den magiske kulen av Laura Djupvik og debutanten Nancy Øvrehus Riveland med Randi bur i koffert.

 

Seriar

Det er fleire forfattarar som har eigne seriar gåande. Bjørn Sortland kom i 2009 med den tiande boka om kunstdetektivane, og Marit Nicolaysen sviktar heller aldri fansen. I fjor kom ei ny bok om Noregs mest populære rotte. I Svein og rotta og kloningen drar Halvorsen på åra, ei hetterotte blir normalt berre to og eit halvt år, og tida renn ut for den vesle kroppen. Gode råd er dyre, for Svein nektar å la naturen gå sin gong. ”Naturens gang er noe dritt” seier Svein, og lurer på om kloning kan vera løysinga for den vesle kameraten sin? For dei heilt yngste er Pulverheksa dronning. Det er imponerande kva Ingunn Aamodt har fått til med dette prosjektet, og i 2009 tatoverte forfattaren den vesle heksa på skuldra for å markera 100.000 selde bøker. Ein annan kjent figur for dei minste borna (og mange vaksne) er Henrik Hovland sin krokodille, Johannes Jensen, som i 2009 boka opplevde mirakelet å bli far. Arne Svingen avslutta sin triologi Adrians Atlas i 2009, mens Widar Aspeli si bok Caravan, skjult i skyggene er ein lovande seriestart.

            Eg har i utgangspunktet lite i mot at forfattarar skapar seriar som engasjerer unge lesarar, blir populære og skaffar pengar på konto. Men dette er ingen bombesikker suksessformel, det er mange som misslukkast med sånne konsept. Det er lov å prøva seg, men eit snev av sjølvinnsikt hos visse aktørar ville bli sett pris på.

 

Skrem meg!

Er det noko eit bokår aldri manglar så er det ulike formar for fantasy, grøss og sci-fi. Om lettlestbøkene er til å hissa seg opp over, så finst det mykje å få høgt blodtrykk av her også. Men det går an å gjera dette bra, eller i alle fall med stor suksess og kommersiell slagkraft. Ruben Eliasen har nådd ut til eit stort publikum med Phenomena, Iselin B. Alvestad kom med bok 3 om Alanya og fleire bøker er i vente, Terje Torkildsen starta ein ny dyster sci-fi, Dystopia i 2009 og det lovar slett ikkje verst. Sigbjørn Mostue sin serie Alvetegnet har mange fans, og i 2009 kom han med den frittståande Mørkeboka som kan lesast som ein slags epilog til denne trilogien. Kristian Kapelrud, avslutta i 2009 sin triologi frå landet Alfabeta-Nia. Det var særleg to bøker innan desse sjangrane som fanga meg, og det var dei to frittståande bøkene Landet under isen av Lars Mæhle og Gutten som hatet desember av Yngve Frøyen. Begge desse bøkene er det eg vil kalla good reads, og dei er nominert til UPrisen.

 

Ord og bilde

Bildebøker er i dei beste tilfella ord og bilde i vakkert samspel. Det er ein vanskeleg balanse. Mange gonger blir det for teksttungt, eller berre mange fine bilde og ein begredelig tekst. Nokon av dei som meistra denne balansegongen, var etter mi meining. Øyvind Torseter med Gravenstein, Ragnar Aalbu med Harry og Roger på tur, Bjørn F. Rørvik og Gry Moursund (ill) med Bukkene-Bruse på Badeland, Gro Dahle og Svein Nyhus (ill) med God natt, natt, Trond Brænne og Anders Kaardahl (ill) kom med den nydelege juleforteljinga Bestefar er ein rev, debutanten Gyrid Axe Øvsteng med Finn! illustrert av Per Ragnar Møkleby . Ein annan spanande debut var Iram Haq med Skylappjenta, boka er illustrert av Endre Skandfer. Bjørn Sortland og illustratør Hilde Kramer kom med boka Det hjertet husker, som eg vil påstå var årets vakraste bok. At Jon Fosse kom ut med barnebok i fjor, gjorde meg både glad og spent. Eg blei ikkje skuffa av Spelejenta, det er eit lite kunstverk av ei bok med illustrasjonar av Øyvind Torseter. Eva Jensen kom ut med boka Skog, eller noko som har med skog å gjera med illustrasjonar av Anja Bjorli Dahle. Dette er ei bok som er vanskeleg å setja i nokon som helst bås, men ikkje alle bøker skal vera i båsar. Dei skal berre få lov til å vera spesielle og fine.

 

 

 

Bookmark and Share

Din kommentar:

Kommentar:
Navn:
Alle feltene må fylles ut!
Foto: Renate Nedregård

Foto: Renate Nedregård

Ingelin Røssland er forfattar og sit i det litterære råd i NBU.