Norsk Barne- og Ungdomsbokforfattere
NBU Logo
Blodrik og Blodfabrikken

Blodrik og Blodfabrikken

Kari Stai

Blodrik er proppfull av blod, og må tappe blod kvar dag for ikkje å sprekke. Da er det godt å ha den tørste Myggen som venn. Blodet bruker dei i Blodfabrikken. Der lagar dei alt mulig som er veldig raudt, som chiliketsjup, neglelakk, julepynt. Og jukseblod.
Ein dag står triste Vanda i døra og spør om dei kan lage eit nytt hjarte til hunden hennar Ruth, som ho saknar så grueleg. Det gamle hjartet har slutta å virke. Dei legg ein plan. Men planen går ikkje heilt som den skal.
Kari Stai debuterte med bildeboka Jakob og Neikob, ei bok ho vann Kulturdepartementets debutantpris for. No er ho tilbake med ei varm og artig historie om den einsame og blodsprengde kjempa Blodrik som får seg ein venn.

rss

Gratis kunstnerbolig i Suldal

Kjære deg som skriv for born og unge! Har du høyrt om Diktarvegen langs RV 13? Kunne du tenkja deg å bu i og verta inspirert av Rasmus Løland sitt ’rike’ for eit par månadar?
Då vil me ynskja deg velkomen til Suldal og skrivarhytta vår i hagen til Lakseslottet Lindum. I tidsrommet 24. mai - 12. oktober vonar me at nokon vil la seg forføra av kulturen og naturen her i heimstad-kommunen hans. Suldal har vore vertsskapskommune for fleire kunstnarar gjennom eit eige prosjekt og elles er kultur-livet her både mangfaldig og rikt. Me kan by på Inger Bråtveit som vart nominert til Kritikarprisen, og Jon Moe er framleis vår gode nabo.

Hytta er ikkje ny, men med dusj/toalett, lite kjøkken og stove, 2 små soverom, skrivepult og internett. Du er din eigen herre og mat kan du handla på Osen, 3 km oppetter vegen. Du skal ikkje betala noko for å bu i skrivarhytta, men me ber om eit depositum på 3000,- dersom noko skulle verta øydelagd og må erstattast. Opphaldstida vert delt i 2 bolker på 10 veker kvar. Vårt ynskje er at du kjem hit for å skriva og at born og unge er målgruppa di. Slik er du med og reiar grunnen for Løland-senteret - Senter for nynorsk barnekultur.
Spør du kvar og korleis, då er du vel både skapande og undrande og nett den me søkjer.
Ta kontakt med Annfrid eller Kristin snarast - søknadsfrist er sett til 4. mai.

www.nashornet.no

www.rasmusloland.no

www.lakseslottet.no

Bjørn Ingvaldsen @ NBU forfatterene // 04.04.09

Bookmark and Share
Løland

Løland