Norsk Barne- og Ungdomsbokforfattere
NBU Logo
Blodrik og Blodfabrikken

Blodrik og Blodfabrikken

Kari Stai

Blodrik er proppfull av blod, og må tappe blod kvar dag for ikkje å sprekke. Da er det godt å ha den tørste Myggen som venn. Blodet bruker dei i Blodfabrikken. Der lagar dei alt mulig som er veldig raudt, som chiliketsjup, neglelakk, julepynt. Og jukseblod.
Ein dag står triste Vanda i døra og spør om dei kan lage eit nytt hjarte til hunden hennar Ruth, som ho saknar så grueleg. Det gamle hjartet har slutta å virke. Dei legg ein plan. Men planen går ikkje heilt som den skal.
Kari Stai debuterte med bildeboka Jakob og Neikob, ei bok ho vann Kulturdepartementets debutantpris for. No er ho tilbake med ei varm og artig historie om den einsame og blodsprengde kjempa Blodrik som får seg ein venn.

rss

NBU-diktet

Mary Bente Bringslid


DET ER HAUST

Det er haust og ein veps
flyg omkring, flyg omkring,
og tenkjer på sukker i krukke

Og han flyg rundt vårt bord
i ein ring, i ein ring,
vi flyttar oss utan å mukke

Og han bråstoppar midt
i ein sving, i ein sving,
men det var det siste han gjorde

Vepsen har blitt
til ein ting, til ein ting,
og har mista seg sjølv nedpå bordet

 


KATTEN VIL


-Du treng ikkje gå ut no Pus,
seier eg

-Jau!

-Og du skal vel ikkje inn att alt no?

-M-jau!

seier Pus, og er klar til å gjenta svaret om han må.

 

Mary Bente Bringslid

Mary Bente Bringslid

Mary Bente Bringslid

Haust

Haust