Skriftserie

BU15-2bu_big

BU15: Nytt nummer i skiftserien:

Alf Kjetil Walgermo og Bjørn Arild Ersland skriver om arbeidet sitt og valgene de tar i skriveprosessen.

Svenske Mårten Melin forteller om hvordan det står til med dagens svenske barne- og ungdomslitteratur, og Liv Marit Weberg har skrevet et grundig og utforskende essay om introverte hovedpersoner i barne- og ungdomslitteraturen.

Janne Karin Støylen ser nærmere på hvordan ungdommene selv bedømmer ungdomslitteratur i forbindelse med Uprisen. Hva kjennetegner en god bok for dem?

Jon Ewo har i år rundet imponerende hundre bøker, og redaksjonen har intervjuet Ewo for å forsøke å fravriste ham noen skrivehemmeligheter.

Det er dikt fra Hilde Myklebusts vakre diktsamling for barn, Bjørkebokstavar.

Kari Stai har laget syv illustrasjoner til utgaven.

Tidlegare nummer:

BU 1304: Sveitsiske alpar og norske appar

Eva Jensen har gjort ei lesing den gamle barnebokklassikaren Heidi på høgt nivå. Dette er ennå litteratur med høg kvalitet, seier Jensen, men er den underliggande bodskapen eigentleg djupt problematisk? Olaug Nilssen omgir seg med småbarn og barnebokappar og skriv om kvar ho trur det magiske kjem frå. Kan det like gjerne komme frå ein skjerm som frå ei bok? Linde Hagerup har skrive nytt dikt om krig og fred, Ragnar Aalbu gir oss tusjteikningar ingen har sett før.

Fjerde utgåva av BU, skriftserie om barne- og ungdomslitteratur, har eit breitt vingespenn og eit skarpt blikk – ei ørn i essayistikken om dette litteraturfeltet, der fleire kan gå på jakt med utbytte.

Redaktørar: Helga G. Eriksen og Hilde K. Kvalvaag

 

BU1303: Derfor er byen best

Tyra Teodora Tronstad har skrive eit vakkert essay om sin kjærleik til byen og eit vanskeleg møte med sin eigen gamle ungdomsskule i Stor-Elvdal. Einar Økland har tenkt seg gjennom skriving for barn på nytt i eit originalt og klokt essay. Marit Kaldhol har dikta djupt om havet, og Kristin Roskifte har laga surrealistiske teikningar i den tredje utgåva av BU, skriftserie om barne- og ungdomslitteratur. Vi legg lista på same høge nivå som før, og den svært positive mottakinga av skriftserien har vist at dette er eit område av litteraturen som fortener meir merksemd.

BU1202 – barnelitteratur i medvind

Vi legg oss på medvinden frå ein nystifta Nordisk Råds litteraturpris for barnelitteratur, og sender i desse dagar ut det andre nummeret i vår vesle skriftserie med det store innhaldet om barne- og ungdomslitteratur.

Denne gongen har barnebokaktuelle Inger Bråtveit skrive om Zinken Hopp og hennar klassikar Trollkrittet. Bråtveit har trekt linjene til Alice in Wonderland, som tidleg vart omsett til norsk med tittelen Else i Eventyrland – av nettopp Zinken Hopp.

Geir Gulliksen er Brageprisnominert saman med Anna Fiske for si bildebok i år, og begge har levert bidrag til BU1202. Anna Fiske har teikna den originale og levande puddelen sin i ulike nye situasjonar, og Geir Gulliksen  har skrive eit lysande essay om å skrive for barn og å skrive for alle.

Finn Øglænd er poeten som ville vere rockestjerne, han skriv provoserande om dei sinte unge mennene i fleire bøker og  no i essay for oss.

Synne Lea er stjerna i midten; eit talent med to nye dikt.

 

Legg igjen kommentar

Theme by Anders Norén