Det var feigt av meg å berre stikke, rømme bloggen utan å seie skikkeleg farvel, utan å forklare kvifor. Berre fjerne fingrane frå tastaturet, lik ein femtiår gammal ektemann berre reiser seg og går ut av ekteskapet utan eitt ord.

Eg veit ikkje kor lenge eg blir. Men eg blir her ei stund til, du kan godt ta til å lese igjen, om du vil.

SÅ skal eg då forklare kvifor, etterkvart. Men ikkje i dag. Først måtte eg klive over denne høge dørstokken eg hadde laga meg mellom bloggen og meg.