Eg har ein hobby, eit rituale, eit oppheng om du vil. Eg les dødsannonsene kvar dag. Skummar ikkje desse annonsane, eg les dei nøye og sakte, ser kva, kven og kvar, om dei hadde mange barn, om dei var gamle eller unge. Men mest av alt ser eg kva dei heiter. Eg registerer at ein heil generasjon Klara døyr ut no, og spår at det blir det neste motenamnet, det som kjem no når heile småbarnsavdelinga heiter Alva, Thea, Selma og Sara og ein treng eit nytt jentenamn på fire bokstavar og kvinneleg utgong.

I dag sette eg mjølka i halsen, fordi i dag stod det at Ragnfrid var død. Ho var gammal, født i 1933, så kvile skal ho få lov til. Men det som gjorde meg fælen var at det døydde ei Ragnfrid i førre veke, ei anna ei, ho også gammal og i Aftenposten. Det handlar ikkje om at det er så mange å ta av med det nammnet at ein må rekne med at ei kvar veke er i annonsane, nei, vi er faktisk berre 180 i følge SSB, og då trur eg ikkje dei har registrert dei siste dødsfalla. Så etter alle solemerke er vi berre 178 ragnfrid-ar i landet, og tydeleg ein namnerase på veg mot grava. Eg har forsåvidt ikkje noko i mot at det er få av oss, det har alltid vore gjevt å vere aleine om namnet sitt, kjenne at eg fyller det med MEG og ikkje tre andre i klassen. Men det gjer meg opprørt å tenke på at foreldre frå alle samfunnslag ser ut til å berre gi jentene sine korte namn som sluttar på -a, når det er fleire gode namn som er meir enn ledige på marknaden! Endå meir oppildna blir eg av å sjå at gutane, brørne til jentene med korte namn som har a-ending, ofte får staute namn som Sigurd, Håvard og Øystein. Det er heilt klart at dei bibelske namna er utruleg populære blant gutar også, men der står framleis tradisjonelle nordiske gutenamn sterkt. Personleg synest eg at jentenamn på fire bokstavar og med -a på slutten er over gjennomsnittet herlege, poetiske og vakre, eg hører meir enn gjerne lyden av «klara», «sofia», «tora» og «alva», for det er utruleg vakre namn. Men eg har ei snikande kjensle, og dette er ein påstand utan grundig empiri bak seg, men likvel, eg har ei kjensle av at desse namna er så populære fordi dei er feminine og poetiske, dei tar ikkje så mykje plass, dei hørest ikkje ut som eit steinknuseri i arbeid. Er til dømes Svanhild, Sigrunn, Snefrid, Ragnfrid, Ingebjørg, Elfrid, Leikny, Herdis, Hjørdis, Unn, Frøydis, Sigrid, Signe, Gunnhild, Olaug, Idun og Aslaug lite i bruk fordi dei hørest ut som slegge og rivjern på same tid? Eller er det så enkelt at desse namna aldri blir populære fordi det ikkje var motenamn i foreldregenerasjonen? For det var jo slik til dømes Kristine kom tilbake med fullkraft, og det er slik Klara kjem til å kome, for det var högsta moten i 1909-19015, og desse gamle damene er oldemødrer og døde. Men trass i at Svanhild og Elfrid aldri har vore motenamn, trur eg dei er mindre i bruk no enn før (eg les fødsel- dåp- og konfirmasjonsannonsane også, så eg har så god oversikt ein kan få utan å vere Ivar Utne). Er desse for lite feminine til at foreldre av i dag vil ta dei i bruk? Har til og med norsklektorane slutta å gi jentene sine nordiske steinknusarnamn?