Sjå her på desse namna som var uvanlege i 1801.

Nokre av mine favorittar er:

Jentenamn:

Aldri. Følger kanskje namnetradisjonar som ein finn enkelte stader i Afrika, nemleg at ungen får namn etter situasjonen den blir fødd inn i.)

Gaula. Ja, her kan ein snakke om det performative i språket, det blir eit fæla liv med Gaula i hus.

Mjella hørest ut som stranda Mjelle utanfor Bodø, berre den kvinnelege varianten. Straks kjem Terje Nilsen med gitaren.

Gutar:

Offer

Sejer

Uff

er alle talande namn.

Det interessante er at det på denne lista finnest namn som er kjende i dag, til dømes det danske Teis, Malte (eg kjenner ein dansk Teis og ein tysk Malte) og Solan er i aller høgste grad kjent gjennom Dum Dum Boys og Solan Gundersen.

Av jentenamna har Tabitha dukka opp i amerikanske seriar og i lødig kiosklitteratur.I følge SSB 48 heiter Tabita i dag, 14 Tabitha.

Tenk å kunne heite Blostrup Corfits til fornamn, det hadde vore noko.