Dersom Norsk Bibliotekforening får det som dei vil, kan du i framtida gå på biblioteket å låna digitale tekstar med alt frå gamle klassikarar til nyare tekstar.

Bibliotekforeningen har teke saka opp med Nasjonalbiblioteket som alt er i gang med eit omfattande skanneprosjekt av litteraturarven.

Målet med prosjektet er å digitalisera både eldre tekstar der opphavsretten er frigitt og nyare tekstar som framleis er verna av lov om opphavsrett. I Noreg er vernetida 70 år etter at opphavspersonen er død.

— Eit kjempeløft

— Digitaliseringsprosjektet til Nasjonalbiblioteket er eit kjempeløft for litteraturen. Utfordringa blir å finna løysingar som kan gjera litteraturarven tilgjengeleg for folk flest, seier leiar i Norsk Bibliotekforening, Anne Hustad, til Bok og samfunn. Ho ser for seg at bibliotek og bokhandlarar samarbeider om å formidla dei digitale tekstane.

— Bokhandelen vil framleis vera den naturlege kommersielle kanalen for sal av tekstar, medan biblioteka gjer dokumenta tilgjengeleg og låner dei ut.

Treng avklaring

Digitalisering av litterære tekstar byr på fleire utfordringar. Ikkje minst når det gjeld å ta vare på interessene til dei som har skrive tekstane. Leiaren i Bibliotekforeininga trur ei løysing kan vera å tilby biblioteka ein lisensavtale der dei får rett til å låna ei viss mengde digitale tekstar.

— Ved utlån av digitale tekstar kan ein laga løysingar som gjer at den digitale fila ein låner er uleseleg etter ein månad, når lånet er ferdig. Skal ein eiga fila for evig og alltid, må ein kjøpa henne gjennom ein kommersiell kanal, slik ein gjer for fysiske bøker i dag, seier leiaren i Bibliotekforeininga. Ho meiner at digitale tekstar også kan bety eit nytt potensial for bokhandlarane. (NPK)