Ein mann ramla ut av fjerde etasje i natt. Eg sov trygt utan å vite at ein mann mista livet utanfor eit vindauge like ved. Eg hørte det på nyheitene i morges, og kunne ikkje tenke på anna enn teaterstykket Fritt fall fra fjerde som Hålogaland Teater sette opp, om kor rart eg syntest det var at ei så lita dame spelte ein mann i dress, at ho såg ut som ein liten, rar mann der framme på scenen, og eg hugsa også at eg insisterte på at eg såg dårleg, dette må ha vore i -85 eller -86, – 87, eg var ni eller elleve, og hadde så utruleg lyst på briller, så der satt eg då med mor mi sine dame edna-aktige sekstitalsbriller på nasen og såg dette stykket og meinte at det var MYKJE betre med briller, og no i ettertid kan eg le, for no veit eg at eg aldri har vore nærsynt som mor mi, men derimot langsynt som far min og slett ikkje såg bra i rarebrillene, og når eg no leiter på nettet finn eg ikkje denne forestillinga nokon plass, ikkje i HT sine arkiv, så var det då Riksteateret, eller berre eit hol i den historiske kunnskapen til HT, det eg derimot finn er at dei spelte Kranes konditori i -86, og med eitt kjem bilde av Elsa Lystad fram, og på lista står også Fødselsdagsselskapet av Pinter, og eg kjenner på meg at vi såg det også, og eg merker med meg sjølv at det har sine gode sider å berre ha ein forelder og ingen besteforeldre i live eller byen; når riksteateret, nordland teater eller HT kom til byen måtte vi ungane med. Vi var aldri for små. Nokre gongar er det fint å ikkje vere for små. Fritt fall fra fjerde.
Kommentarfeltet er stengt