Han debuterte med diktsamlinga Strime i 1969, og fekk sin første pris; Tarjei Vesaas` debutantpris. Etter det har kunstnaren fått Kritikarprisen (1984), Kulturdepartementets biletbokpris (1985) for boka Plommetreet, Blixprisen (1993), Kulturdepartementets bildebokpris (2000) for Arkimedes og brødskiva og til sist Nynorsk barnelitteraturpris (2002) for Arkimedes og rulletrappa. Den siste prisen fekk han i samarbeid med illustratøren Gry Moursund, som han har arbeida med ved fleire anledningar.

Hans Sande er mildt sagt ein original forfattar og kunstnar. Han fabulerer om saker dei fleste kanskje har følt, men aldri klart å setje ord på. Dette gjer han i tillegg på ein veldig direkte og ukomplisert måte. Han vannar ut alvorlege tema med passande humor. Sande sin måte å framstilla verda på er omdiskutert, men det er i alle fall sikkert at han rører ved og ved dei som opplever kunsten hans.

På spørsmål om kven han ønskjer å nå med kunsten har han sagt at ”Eg skriv så sterkt og så sant eg kan, – for meg sjølv”. Dei fleste som kjenner til Sande er nok likevel takksame for at han set tankane sine på trykk og deler dei med andre.

 

KIlde: Kvinheradguiden.no