Gyldendalprisen gjekk i år til Einar Økland. Klassekampens Tom Egil Hverven delte ut prisen til den smålåtne lyrikaren:

– Når kritikarar roser ny lyrikk for å gå hit eller dit i ulike formmessige krumspring, skal det mykje til at ikkje Økland for lengst har vore der før – eller er der no, utan at nokon oppdagar det. Snart 44 år etter debuten lar Økland seg framleis ikkje plassere eller tabloidisere, sa Hverven om juryen si grunngjeving for utdelinga.Einar Økland har skrive ei imponerande lang liste med bøker, og har tidlegare fått ei rekkje prisar, blant anna for barne- og ungdomsbøkene sine. Han har også skrive dikt og drama, romanar og essaysamlingar, og har med andre ord vist ei stor breidde i sin forfattarskap.

Økland innleia takketalen sin med ei lita anekdote om kva han brukar å svare tiggarane som møter han utanfor Oslo S: «Eg gir berre til dei som tiggar på nynorsk.»

– Og Gyldendal har byrja å gjere det same som meg, det har eg ikkje noko imot, sa nynorskforfattaren til eit småflirande publikum.

Einar Andreas Økland (født 17. januar 1940 i Valevåg i Sveio) er en norsk psykolog, essayist, lyriker, dramatiker, forfatter og kritiker. Han debuterte som lyriker med diktsamlingen Ein gul dag i 1963, og har en omfattende litterær produksjon. Økland var sentral i kretsen rundt tidsskriftet Profil.

Økland var i 1992 festspilldikter for Festspillene i Bergen.

Bibliografi:

Ein gul dag – dikt (1963)
Mandragora – dikt (1966)
Svart i det grøne – noveller (1967)
Vandreduene – tekster (1968)
Georg: Sit du godt? – drama (1968) (Sammen med Dag Solstad)
Amatør-album – tekster (1969)
Aberfan – drama (1969)
Gull-alder – tekster (1971)
Galskap – roman (1971)
Du er så rar – dikt / barnebok (1972)
På ein gard – barnebok (1973)
Det blir alvor – barnebok (1974)
Stille stunder. Manns gaman – roman (1974)
Kven veit? Seint i april,tidleg i mai – barnebok (1975)
Bronsehesten. Folkeminne – dikt (1975)
Slik er det – barnebok (1975)
Den blå ringen – barnebok (1975)
Jazz i Norge – sakprosa (1975) (Sammen med Olav Angell og Jan Erik Vold)
Ingenting meir – epistler for barn (1976)
Statsministerens sko – og andre tekster – tekster (1976)
Snakk med dr. Ost – barnebok (1977)
På frifot – dikt / barnebok (1978) (Illustret av Oddvar Torsheim)
Sikk-sakk – barnebok (1978)
Ein god dag – barnebok (1979)
Skrivefrukter – tekster (1979)
Romantikk. Folkeminne – dikt (1979)
Gutar i røyk – noveller (1980)
Ei ny tid – barnebok (1981)
Den norske barnelitteraturen – sakprosa (1981)
Egg til alle – barnebok (1982)
Nå igjen – tekster (1982)
Snøsteinen – barnebok (1982)
Blå roser. Folkeminne – dikt (1983)
Her er ingen papegøye: Ei sann historie frå Bergen – (1984)
Reklamebildet – sakprosa (1986)
Mellom himmel og jord – dikt (1986)
Den dumme. Tretten nye fablar – barnebok (1988)
GOD DAG – ABC (1988) (medforf.)
Måne over Valestrand – essays (1989)
Walkman. Tolv dagar musikk – barnebok (1989)
Per Krogh som illustratør – sakprosa (1989)
Amatøralbum: lyrisk landskapsroman med figurer – (1990)
Når ikkje anna er sagt (1991)
Pennen den blå – dikt / barnebok (1992)
I staden for roman eller humor – essays (1993)
Dikt i samling 1963-1993 – dikt (1993)
Heile tida, heile tida – dikt (1994)
Norske bokomslag 1880-1980 – sakprosa (1996)
Frå helling via hylling til halling – essays (1997)
Etter Brancusi – dikt (2001)
Dikt i utval – dikt (2002)
Poetiske gleder – dikt (2003)

Priser:

Nynorsk barnelitteraturpris 1975 for Det blir alvor
Kritikerprisen for barne- og ungdomslitteratur 1978 forSikk-sakk
Kultur- og kirkedepartementets billdbokpris for barne- og ungdomslitteratur 1979, for Ein god dag (sammen med Wenche Øyen)
Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond 1982
Språklig samlings litteraturpris 1985
Askeladdprisen 1987
Premio europeo Pier Paolo Vergerio 1987, for Mellom himmel og jord
Aschehougprisen 1988
Melsom-prisen 1992, for Når ikkje anna er sagt
Nynorsk litteraturpris 1993, for I staden for roman eller humor
Sigmund Skard-stipendet 1998
Doblougprisen 2000
Samlagsprisen 2000
Kari Skjønsbergs pris 2006

Kilde Wikipedia