Danske forlag og barnebokekspertar er skaka over at deira norske kollegaer vil redigere vekk ord som «neger» og songar om glade hottentottar. Ein neger er og skal vere ein neger når det handlar om dansk barnelitteratur, seier bransjefolk nettavisa berlingske.dk har snakka med.
Også eldre danske barnebøker er fulle av stereotypar om menneske frå Afrika – og slik skal det vere meiner forleggjarar og litteraturekspertar som no åtvarar mot det dei kallar «norske tilstandar»:Sydhavskonge
Først endra NRK høyrespelutgåva av Astrid Lindgrens «Pippi i Sydhavet» – Pippis far er ikkje lenger negerkonge, men sydhavskonge. Så kom arvingane til Thorbjørn Egner på banen og forkynte at neste utgåve av Egners visebok ikkje skulle ha med songen om den vesle hottentotten Hoa.
– Dette er historieforfalsking, og ein endar ein farleg stad, seier barnebokekspert og litteraturprofessor Torben Weinreich, og held fram:
– Det neste blir at ein også endrar på tekstar om indianarar, grønlendarar, asiatar, kvinner og seksuelle minoritetar. Dersom vi skal halde fram langs dette sporet, skal det bli spanande å sjå kva som blir tilbake.

– Akademisk
Niels-Erik Hansen, leiar av det danske Dokumentations- og Rådgivningscenteret om Racediskrimination, meiner også at ein må sjå kulturuttrykka i «det rette perspektivet»:
– Barn som i dag går på internett risikerer å støyte på langt verre ting enn «Lille sorte Sambo». På internett ligg chatte-forum og onlinespel som inneheld nazipropaganda. Sett i lys av dette blir spørsmålet om rasisme i gamle barnebøker temmeleg akademisk, meiner Hansen.
I det store danske forlaget Gyldendal ristar dei på hovudet over norske kollegaer. Misoppfatta politisk rett, meiner presse- og marketingsjef Camilla Wahlgreen.

Det er Vårt Land som skriv dette her.