Eit tvillingprosjekt på tvers av kontinent viser at årsaka til lesevanskar hjå barn oftast skuldast arv. Miljøet spelar ei langt mindre rolle enn det forskarar til no har trudd.

I forskingsprosjektet «The International Longitudinal Twin Study» har forskarar frå Australia, USA og Sverige studert leseferdigheiter hjå 900 tvillingpar, totalt 1800 barn.
Tvillingane frå dei tre landa, samt tvillingar frå Rogaland og Hordaland, har blitt testa i lesing og skriving før dei byrja skulen og fram til tredje klasse, skriv forskning.no.

Resultata frå undersøkinga viser at risikoen for å få lese- og skrivevanskar i tidleg alder, oftast kan forklarast ut frå genetiske forhold og ikkje miljømessige. Det er eit viktig funn, skal vi tru svenske Stefan Samuelsson, professor II hjå Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger, professor Brian Byrne, ved University of New England i Australia og professor Richard Olson ved the Colorado Learning Disabilities Research Centre i USA.

– Tidlegare forsking har også vist at dysleksi og seinare lesevanskar blant skulebarn er påverka av genetiske forhold. Ideen vår var å få med tvillingar før dei starta skulen, for å sjå kor stor rolle desse gena speler i lese- og skriveopplæringa, fortel Samuelsson.

Omfattande testing

Tvillingpara som deltok i undersøkinga blei testa i språk og språkforståing første gong då dei var fem år. Sidan blei dei testa då dei var seks, sju og åtte år gamle. Slik blei dei testa både før og etter at dei hadde byrja med den formelle lese- og skriveopplæringa på skulen.

– I førskulen tok vi psykologiske testar i tillegg til testar av vokabular, ordforståing, rim og ordlyd. Etter kvart som tvillingane blei eldre testa vi dei i lesing, staving, ordgrupper og minne, fortel Richard Olson, som har forska på lesevanskar sidan 1979, gjennom The Colorado Reading Project.

I tillegg til å teste tvillingane i lesing og skriving blei foreldra intervjua om tvillingane sitt heimemiljø.

– Vi spurte foreldra om dei hadde barnebøker heime, om dei besøkte biblioteket, om barna blei leste for og om barna spurte foreldra om å bli leste for, fortel Brian Byrne, som starta prosjektet i Sidney i 1999.

Også lærarane blei spurte om korleis tvillingane var i skuletimane. Gjennom spørjeskjema svarte dei mellom anna på om tvillingane var lyttande eller hyperaktive.

Arv dominerer

Ved å bruke tvillingar, kunne forskarane samanlikne barn som fekk ulik påverknad i heim og skule med barn som fekk same påverknad i heim og skule.

– Funnet vårt fortel at barn som har hatt same skrive- og leseopplæring og som blir påverka av det same miljøet, ikkje automatisk blir like gode til å lese og skrive, seier Stefan Samuelsson, og held fram:

– Variasjonen mellom dei som les bra og dei som les dårleg etter eit år i skulen, er framleis stor. Det er ikkje fordi lærarane i skulen gjer ein dårleg jobb, men fordi arv spelar ei dominerande rolle. 70 prosent av denne variasjonen kan forklarast genetisk og 20 prosent ut frå miljø, forklarer han.

Dei tre forskarane meiner funnet ikkje må tolkast som at lese- og skriveopplæring i skulen er utan nytte.

– Funnet vårt fortel heller at lese- og skriveopplæringa i skulen er endå viktigare enn det folk til no har trudd. Fordi gener spelar ei så dominerande rolle, er det heilt avgjerande for barn som slit med lesevanskar og skrivevanskar at dei får god oppføljing i skulen, seier Olson, og gir eit døme:

– På same måten som vekt er genetisk, kan ein likevel ete sunn mat for ikkje å bli tjukk. Miljøet spelar ei viktig rolle for om ein klarer å yte den innsatsen som må til for å halde vekta.

Nøkkelen til alt

Mykje kan gjerast for barn som slit med lese- og skrivevanskar, sjølv om arv oftast er årsaka til vanskane. Dei tre forskarane er ikkje i tvil.

– Det er viktig å oppdage kven desse barna er så tidleg som mogleg. Jo tidlegare ein kjem i gang med lese- og skriveopplæringa, jo betre er det. Samstundes er det heller aldri for seint, seier Byrne.

– Foreldre kan lese høgt for barna før dei skal sove, lærarar kan leggje til rette for lesing av bøker på skulen. Mykje kan gjerast berre dei vaksne tek seg tid. Desse barna lærer saktare enn andre barn. Difor må dei vaksne vise tålmod, seier Olson.

Også i eit samfunnsperspektiv er det viktig å ha fokus på lese- og skrivevanskar, konstaterer Samuelsson.

– Alle må kunne lese og skrive slik samfunnet vårt er i dag. For å kunne ta ei utdanning, må ein kunne bokstavar og forstå ord. Å kunne lese og skrive, er nøkkelen som passar til dei fleste dører i samfunnet, seier han.

Det er www.utdanning.ws som skriv dette her.