Nynorske barnebøker får no sin eigen festival. Stord kommune tek initiativ til ein årleg nynorsk barnelitteraturfestival i november. Det finst mange litteraturfestivalar rundt om, men ingen som har dette som tema.
– Stord er den største nynorskbyen i Noreg, og Sunnhordland er eit kraftsentrum innan nynorsk barnelitteratur. Desse to tinga vil me kombinera, skriv kultursjef Herdis Elin Belsvik i Stord i eit notat til komité for miljø og kultur.
November månad er ikkje tilfeldig valt. Forfattarinna Torborg Nedreaas vart fødd 13. november 1906, og budde delar av livet sitt på Stord. I november i fjor vart det arrangert Torborg Nedreaas-dagar.
 
– Slik tek me også vare på litteraturarven frå fortida, heiter det i notatet. Ein komité sett saman av forfattarane Helga Gunerius Eriksen, Atle Hansen og Per Olav Kaldestad skal arbeida fram programmet for festivalen, som vert avvikla andre veka i november.

Det er Sunnhordland som skiv dette her.