Sjørøvar-Jenny er vorte Seeräuber-Jenny og er på jakt etter lesarar i Tyskland. Ti år etter at ho første gong vart gjeven ut i Noreg kom "Seeraüber-Jenny og Einauge-Bill" på det tyske forlaget Oetinger denne månaden. I høve tysklandslanseringa har boka også fått nye illustrasjonar.
– På denne måten får Sjørøvar-Jenny eit heilt nytt liv i eit anna land. Det er veldig kjekt, seier Hansen, som meiner det er ei ære å verta omsett.
I tillegg når boka potensielt ei mykje større lesargruppe. Berre i Tyskland bur det 80 millionar menneske.
– Der er det heller ingen som bryr seg om kva målform ein skriv på. Eg trur diverre at me som gjev ut bøker på nynorsk har eit lite handikap i Noreg.
Hansen har også seld rettane til den andre boka i trilogien om Sjørøvar-Jenny til Tyskland.
– Det vert interessant å sjå om dei tyske ungane er klar for å lesa om sjørøvarar i Sunnhordland, seier Hansen.
Kommentarfeltet er stengt