Tale ved Inger Bråtveit 1. mars 2007

Det handlar om å flytta inn i ei rønne i skogen, om å ta ladegrep på ei gamal børse, om å leva på kaffi og tobakk, om systrer som kjem på besøk med bæreposar fulle med Rema-mat når du har sett deg føre å leva på det naturen har å gi fordi livet har teke frå deg alt.

Ragnar Hovland som på 80-og 90-talet gav oss barne-og ungdomsbøkene Det får stå til, Jakta på salamanderen og Ein motorsykkel i natta, er på nytt i røysekatt-rørsle; denne gongen med eventyret om den unge veidemannen Anders.

Då 14-årige Anders får vita at foreldra har tenkt å skilja seg, gjer han kort prosess og gir kontant beskjed: «Eg skal ikkje bu hjå nokon som helst annakvar helg.» Anders forlet både heim og skule, og på dagen flyttar han ut i skogen og inn i den gamle rønna der den hardbarka, men alvorleg hjarteknuste Dobbel- Aksel, som hengde seg i bjørka utanfor, ein gong budde. Vår unge helt og hovudperson lever no slik Dobbel- Aksel gjorde; i eit skothalds eksil til resten av omverda.

Tale ved Inger Bråtveit 1. mars 2007

 

 

Det handlar om å flytta inn i ei rønne i skogen, om å ta ladegrep på ei gamal børse, om å leva på kaffi og tobakk, om systrer som kjem på besøk med bæreposar fulle med Rema-mat når du har sett deg føre å leva på det naturen har å gi fordi livet har teke frå deg alt.

 

Ragnar Hovland som på 80-og 90-talet gav oss barne-og ungdomsbøkene Det får stå til, Jakta på salamanderen og Ein motorsykkel i natta, er på nytt i røysekatt-rørsle; denne gongen med eventyret om den unge veidemannen Anders.

 

Då 14-årige Anders får vita at foreldra har tenkt å skilja seg, gjer han kort prosess og gir kontant beskjed: "Eg skal ikkje bu hjå nokon som helst annakvar helg." Anders forlet både heim og skule, og på dagen flyttar han ut i skogen og inn i den gamle rønna der den hardbarka, men alvorleg hjarteknuste Dobbel- Aksel, som hengde seg i bjørka utanfor, ein gong budde. Vår unge helt og hovudperson lever no slik Dobbel- Aksel gjorde; i eit skothalds eksil til resten av omverda.

 

Livet i villmarka er tøft, og sjølv om Anders stør seg til hardbarka replikkar og rekvisittar som var han den unge fetteren til Morgan Kane, trengjer likevel livet utanfor skogen seg på. Alle som ein finn dei etterkvart fram til han; Tomas den tvilande kameraten, småsystrene som no må klara seg forutan storebror i heimen, historielæraren kjem traskande, og jammen stel ikkje Anders seg til eit par stemnemøte med kjærasten sin, Katrin også. Profeten Lasarus og andre bipersonar a la Heste-Oskar avlegg òg Anders ein visitas, – og omvendt.

Alle møta inneheld innartiar-ordvekslingar, som var dei henta frå Helge Ingstads Pelsjegerliv eller var dei ein moderne harselas-variantar over Fridtjof Nansens På ski over Grønland.  Replikkane mellom Anders og den nye, merkelege farsfiguren hans, Hilmar frå Skogane, er replikkar me sjølv skulle ynskt me ein vakker dag kunne fått sagt. Den eldre- bror- til-mindre-syster- samtalen ligg og vippar mellom cowboyspråket og den grenselause syskenomsorga:

 " (…)– Du får ete, sa eg; – av det som bordet har å by på. Og så får du tutle deg heim. Igjen såg ho ut som om ho skulle begynne å grine. – Kan eg ikkje bli her? – Det veit du at du ikkje kan, sa eg. Då ville folk begynne å leite for alvor. Med blodhundar og greier. Og du er berre tolv år. Tenk på minstesøstera, ho kan ikkje vera åleine i det skrekkens hus.(…)"

 

Anders vert verande i skogen sjølv om vatnet frys i bekken, og sjølv om besøka frå verda utanfor vert færre og færre. Når boka er til endes legg Anders ein ny kubbe ved i omnen og er langt frå fredlaus. Det statisk-insisterande i at Anders vert verande i skogen, er det mest fandenivaldske og forløysande trekket ved heile romanen.

 

 Å lesa Hovland er å gå inn i tette, tjukke skogen, ikkje veit ein kvar dette endar, ikkje veit ein kva som kan finnast der inne. Hovland ryddjar nytt landskap, syner oss ei lysande glenne der inne, fullt av mysterium og poesi. Bøker ein har likt og lese klaskar saman på denne opne sletta. I eit villskapens og openberringas grenseland foreinast referansar som ber i seg bibelske namn og allusjonar til tekstlege munnspeltonar frå Robin Hood, Dickens og Twain. Fredlaus er Hovland i kjend stil, men ikkje berre. Forfattaren rører seg litterært med denne romanen, både språkleg og tematisk.

 

Kritikerprisen for beste vaksenbok 2001 vart tildelt Ragnar Hovland for romanen Ei vinterreise. Når Hovland no får Kritikarprisen for beste barne- og ungdomsbok 2006, er det fordi forfattaren har skrive den trassige danningsromanen Fredlaus, som frå og med no vil verta ståande som ein klassikar.

Den beste barneboka finst alltid i eit grenseland. Den beste barne- og ungdomsboka i 2006 er signert Ragnar Hovland

Prisen er eit unikt trykk Øyvind Torseter.

Juryen har vore:

Nina Goga

Arnt Birkedal, NBUs representant

Inger Bråtveit