Då Anders skjønar at foreldra hans har tenkt å skilje seg, forlèt han dei og systrene sine og går ut i skogen. Der slår han seg til i huset til Dobbel-Aksel, som hengde seg i ei bjørk for mange år sidan. KRITIKARPRISEN 2006!

Her vil Anders gløyme sitt tidlegare liv og leve på villmarksvis. Men han får ikkje vere lenge åleine, den mystiske Hilmar frå Skogane dukkar opp. Og snart finn den eine etter den andre fram til skjulestaden hans. Livet utanfor trengjer seg på. Kva skal han no gjere med kjærleiken? Kva gjer han når Hilmar vil ha han med på eit farleg oppdrag? Anders skjønar fort at livet i villmarka er annleis, og mykje farlegare enn han hadde trudd.

Ragnar Hovland fekk Kritikarprisen 2006 for denne boka, og er dermed den første som har vunne både vaksenprisen og barne- og ungdomsprisen. I grunngjevinga si skriv juryen blant anna:

" Å lesa Hovland er å gå inn i tette, tjukke skogen, ikkje veit ein kvar dette endar, ikkje veit ein kva som kan finnast der inne. Hovland ryddjar nytt landskap, syner oss ei lysande glenne der inne, fullt av mysterium og poesi. Bøker ein har likt og lese klaskar saman på denne opne sletta. I eit villskapens og openberringas grenseland foreinast referansar som ber i seg bibelske namn og allusjonar til tekstlege munnspeltonar frå Robin Hood, Dickens og Twain. Fredlaus er Hovland i kjend stil, men ikkje berre. Forfattaren rører seg litterært med denne romanen, både språkleg og tematisk.

Når Hovland no får Kritikarprisen for beste barne- og ungdomsbok 2006, er det fordi forfattaren har skrive den trassige danningsromanen Fredlaus, som frå og med no vil verta ståande som ein klassikar."