Tarjei Vesaas debutantpris for 2006 går Thomas Marco Blatt, for diktsamlingen Slik vil jeg måle opp verden. Og det er akkurat det han gjør i denne samlingen. Han skriver lange retoriske dikt med referanser til historie, litteratur og arkitektur, og han tar oss med på reise til Sentral-Europa, Hellas, Japan og Kina. Til tross for sin unge alder, er Thomas Marco Blatt en moden og reflektert poet. Det er en autoritet og et alvor i denne samlingen som er sjelden i lyrikken i dag.

Helge Torvund i Dagbladet skrev om boka:

Dette er ei diktsamling med eit gjennomført einskapleg preg, ein tydeleg og gjennomkomponert heilskap utan at dette tyder at dikta ikkje kan stå for seg sjølv. Element som går igjen er tankar og referansar til arkitektur, gjerne frå historien, eit nå-plan der diktas stemme lever i ein by (Göteborg, Oslo) saman med ei kvinne som teiknar og heng teikningane opp på veggen, og minner frå ein oppvekst.

Energi

Dikta er skrivne fram med ein springande energi og godt driv, dei fleste dikta er relativt lange, og dei grafisk sett opp med ujamn marg på både sider, litt à la Saarikoski, medan nokre er heilt korte eller små prosalyriske stykker. Poeten har ein fin evne til å få dei ulike elementa til gli saman og over i kvarandre for på denne måten å skape fruktbare overføringar av språk, og overtyde oss om at alt i dette diktuniverset heng saman. Slik sett står heile boka i eit forhold til sitatet av Michel de Montaigne som er nytta framfor ein av bolkane: «Vi är alla lappverk, av en väv så formlös och skiftande att varje bit, varje ögonblick spelar sitt eget spel.» Eit lappverk er det, men altså ikkje i nedsetjande tyding, og form finst det, men ting glir over i kvarandre samstundes som dei lever som fragment. Språkleg finst det i tillegg til bokmål, innslag av svensk og gebrokne setningar uttalt av innvandrarar. 

Nært og overtydane

Her vart fletta inn setningsbrokkar frå tagging, overhøyrte replikkar frå teaterscenen og gateplanet. Det heile gjev eit nært og overtydande bilete av levd liv, tenkte tankar, sette og høyrte fenomen. Gjennom vekslinga mellom skildringar av foto av ruinar, kvinna som kjem ut frå badet, barnelått frå hagen, eksistensielle refleksjonar og språklege fragment frå litteraturen og omverda, skapar denne debutanten eit verk som ikkje byr oss på den store dramatikken eller «kloremerker av et liv» som her faktisk dirrande står, men som likevel kjem tett innpå og skapar dikt som verkar overleverte frå den verkelege verda av ein dyktig poet:

rommet mitt hadde vindu mot gaten

en morgen våknet jeg av at hun strøk

en pensel langs skulderen min

det var vinter og jeg frøs ikke