? Vi er dårlegast i Norden på skolebibliotek, seier Anne Hustad, leiar av Norsk Bibliotekforening. I ein kampanje for skolebibliotekløftet krev dei ein eigen handlingsplan frå politikarane. Skolebibliotekkampanjen har som mål å få til ein handlingsplan, samt at det skal bli nasjonale kvalitetskriterier for skolebiblioteket. Kampanjen har også som mål at ein skal styrke krav til skolebibliotek i opplæringslova.

Men kampanjen retter seg ikkje berre mot politikarar. Leiar i Norsk Bibliotekforening Anne Hustad seier dei vender seg mot elevar, lærarar, skuleleiarar og foreldre også.

? Vi prøver å lage merksemd rundt kva skolebiblioteket kan vere og kva det kan bety, seier Hustad.

Freisting

– Kvifor er skolebiblioteket så viktig?

– Det skal vere ein møtestad, eit triveleg lokale med arbeidsplassar der elevane kan jobbe med oppgåvene sine. Det er eit pedagogisk reiskap i skolen, som blir leia av ein bibliotekfagleg og pedagogisk kompetent person. Biblioteket har samle mål som skolen, her finst hjelpemiddel til læring. Men det er også ein freistande stad med mange bøker, god tilgang til både litteratur og datamaskiner.

Eit dårleg skolebiblioteket trur Hustad kan verke mot si hensikt.

– Det kan hemme både leselyst og leseglede.

Om det er ein lærar som styrer biblioteka, bør han ha bibliotekfagleg tillegg i utdanninga, meiner Hustad.

– Mange stader er det diverre berre slik at ein lærar blir pålagt å drive skolebiblioteket eit par timar i veka.

Urettferdig

– Somme skolar har gode skolebibliotek, særleg i Oslo og omegn. Men eg har sett og ser ganske mykje dårleg rundt omkring i distrikta, seier Hustad, og viser til tal frå folkebiblioteka. Noreg kjem mykje dårlegare ut enn andre nordiske land som Danmark og Finland.

I statistikken frå ABM-utvikling (Bibliotekreform 2014) går det fram at medan Noreg brukar 2000 årsverk på folkebiblioteket, brukar ein i Finland 5000 årsverk. Når det gjeld medieinnkjøp til folkebiblioteka brukar Finland det dobbelte, og Danmark det tredobbelte av det Noreg brukar. Hustad trur ikkje situasjonen norske skolebibliotek er betre enn folkebiblioteka, men manglar førebels ei eksakt undersøking på tilstanden.

– Inntrykket frå reising rundt i landet er at det mange dårlege skolebibliotek. Ein skal ikkje sette by og land opp mot kvarandre, men dårleg folkebibliotek i tillegg til dårlege skolebibliotek gir liten grobotn for bibliotekaktivitetar på bygda.

– Biblioteka er eit vindauge mot verda, ein viktig del av kulturtilbodet. Det er noko vi veit betyr mykje for unge folk som vel kvar dei skal busette seg, seier Hustad.

Kartlegging

Hustad ser fram mot rapporten frå Utdanningsdirektoratet, som vil bli lagt fram etter påske. Der vil situasjonen for skolebiblioteka i grunnskole og vidaregåande skole bli kartlagt.

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Lisbet Rugtvedt, sa til NRK tidlegare denne månaden at ho ynskte kampanjen velkommen, men meinte at det er lokalt, i kommunar og fylker, ein må gjere den konkrete jobben.

Departementet vil gå gjennom undersøkinga frå Utdanningsdirektoratet når denne er klar.