av Kolbjørn Hauge

Landet vårt har hatt mange framifrå barnebokforfattarar. Me er midt i eit Løland-år og ein Løland-epoke. Men det er også all grunn dette året å minnast Per Sivle – ein annan av våre store klassiske forfattarar som skreiv for barn. Det er 150 år sidan denne folkekjære forteljaren blei fødd i Aurland i Sogn. Han døydde for eiga hand i 1904, og fekk altså ikkje sjølv oppleva den lukkelege utgangen i ei av dei sakene han stridde så hardt for, nemleg oppløysinga av unionen med Sverige i 1905.
Her skal me ikkje ta opp hans politiske kamp for arbeidarklassen og for alle undertrykte i samfunnet. Heller ikkje hans flotte dikt frå ulike område av livet. Men kanskje me skulle svinta innom hans engasjerande songar og dikt frå norsk historie. Me som har levd ei stund, har ofte hatt bruk for hans treffande karakteristikkar. For støtt der nordmenn lyt vera med når Noregs merke skal hoggast ned song me under krigen, og tenkte på Quisling og hans medløparar. Til all lukke gjekk det betre med vår side i denne krigen enn det gjorde for Olav Tryggvason i slaget ved Svolder, då nordmannen Eirik jarl slo lag med svenskekongen og danskekongen for å få taket på Ormen Lange. Og eit av våre ungdomsideal var Tord Foleson, mannen som støytte merkestonga så hardt ned i jorda på Stiklestad at merket blei ståande endå han sjølv hadde fått banesåret sitt og døde på staden. Sivle brukte også verseforma der han skildra livsverket til Erling Skjalgsson, rygekongen som skapte frie menn av trælar. Me skulle gjerne hatt ein innvandringspolitikar av hans format i dag.

I dette korte oversynet skal eg likevel først og fremst ta for meg ei heilt anna sida ved Per Sivle. Nokre av hans eineståande flotte forteljingar for barn, med grunnlag i eit miljø han kjende godt frå sin eigen barndom på Vossestrand. Eg tenkjer særleg på historia om ”Fante-Nils” og den gripande soga ”Berre ein hund”.

    ”Fante-Nils” handlar om svik; og verkar sjølvopplevd. Historia fortel korleis ein skulegut svik kameraten sin når han kjenner at posisjonen som bestemann i klassen er truga. Og om kor lett det er å trakassera veike grupper når ein trur det går an å veksa på å gjera andre små. Historia kan for så vidt gå rett inn i dagens aktuelle debatt, både når det gjeld mobbespørsmålet i skulen og den politiske situasjonen i landet. Men ”Fante-Nils” handlar også om den såre kjensla som kan gripa svikaren når han oppdagar at sviket får katastrofale følgjer, og at den vonde handlinga aldri kan gjerast om att. Mang ei barnetåre har nok falle på desse sidene i Nordahl Rolfsens lesebok fram gjennom åra.

    ”Berre ein  hund”  handlar om kjærleiken mellom ein hund og ein gut som møter lita forståing hos faren og dei vaksne. Lita forståing for at også hundar er skapningar som treng omsorg og kjærleik, at dei ikkje berre er dyr som misser verdien så snart dei ikkje kan brukast til noko nyttig på garden. Historia toppar seg der faren ordrar tenesteguten til å finna fram hagla og skyta han Hall, så å seia midt framfor augo på guten. Og då faren ser kor ulukkeleg sonen blir, kjem han med dei klassiske orda som avsluttar historia: ”Det var berre ein hund!”

    I mitt læraryrke har eg mang ein gong hatt bruk for Per Sivle, både for problemstillinga i ”Fante-Nils” og i ”Berre ein hund”. Eg går ut frå at eg ikkje bryt altfor sterkt med teieplikta når eg her skal fortelja om  siste gongen eg las ”Berre ein  hund” høgt for ein klasse. Då eg nærma meg slutten,  la eg merke til at noko var i ferd med å utvikla seg nede i klasserommet. Og då skotet frå hagla hans Salomon hadde gjort ende på det sørgjelege livet hans Hall, såg eg at ho Berit – tøffaste jenta i klassen – sat og snufsa så tårene trilla, og brydde seg lite om at dei andre elevane såg det. Dei sat forresten og svelgde dei òg, så dei hadde kanskje ikkje så mykje dei skulle ha sagt. Då ho Berit endeleg hadde snufsa frå seg, fekk ho hiksta fram denne sluttreplikken: ”Skulle skjøte han i staden! Han var berre eit menneske!”

    Eit lite tillegg. Fleire år etter at eg var blitt pensjonist, skulle eg ein gong ta bussen i gata rett nedanfor der eg bur. Då eg rette fram mynten min og bad om ein honnørbillett, såg den kvinnelege sjåføren på meg og smilte. Etter litt søk i minnebanken min kjende eg igjen ansiktet til ho Berit. Og så vinka ho meg vidare og sa: ”Nei, gamlelæraren min skal ikkje betala denne gongen. Det skal eg ta ansvaret for!” Så venta ho høfleg til eg hadde funne eit ledig sete, og så kjørte ho vidare til neste haldeplass. Så kanskje Per Sivle og han stakkars Hall skal ha sin del av æra for at min rørlege kapital pr i dag er ein honnørbillett større enn han ville vore utan desse aktørane.



Berre ein hund av Per Sivle

Han Hall var ikkje anna han stakar, han var berre ein hund.

 Men um han no og berre var ein hund, so var han daa kor som, er ein framifraa hund; han var framifraa baade stor og klok, og livde dertil sitt hundeliv so framifraa utbytt av lagnaden millom lukka og ulukka, at livssoga hans, vissa for meg, eig fullt so vel krav paa aa minnast som mangt eit mannsliv.

 Men fyrr eg no held vidare fram, lyt eg fyrst faa lov ganga noko attende og fortelja litevetta um nystova heime paa Kvaale, og kor det bar til at ho vart bygd.

 Godfar min, han gamle Per Kvaale, var innpaa fem og seksti aar gamall daa han fylgde andre kjerringi si til jordi. Men der var livseld og livshug i gamlen enno; ikkje lenger til enn aaret etter kom det upp, han hadde i tankar aa gifta seg att, og det med ei taus paa godt og vel dei tvo og tjuge.

 Same sumaren var det han fekk bygt seg nystova. ”Fær du ein gamall mann, so skal du no likevel faa deg ny stova, Mari,” sa han godfar.

 Nystova var bygd inn ved den gamle, der far min, som no hadde teke imot garden, skulde halda hus; der var dør imillom.

 Ho var reint namngjeti radt fraa fyrstningi denne stova hans godfar, hev eg høyrt segja, med di ho var det einaste maala huset som fanst paa lang leid. Blodraud som ho var, gløste og glimde det av henne uppe paa Kvaalshaugen, synberr som ho laag der framfyre heile bygdi.

 Det fyrste som eg minnest, var no han godfar longe gøymd under torva; enkja hans var fari til Amerika, til ei syster ho der hadde, og nystova var komi i far min si eiga.

 Ho var no ikkje just so glimande aa sjaa paa no lenger; bordklædningi var sprukki, og maalingi bleikna der ho ikkje var avdotti. Men endaa var no nystova paa Kvaale haldi for aa vera den gildaste stova der i bygdi.

 Og inni var ho rett fin, etter høvet. Golvet var jamnaste reinskura, medan dei andre stovegolvi i grendi kunde takka til fekk dei seg ei laug til kvar høgtid. Tvo veluppreidde sengjer stod der alltid, og dei kom mang ein gong vel med, naar presten eller skrivaren eller og einkvar turisten skulde hava hus for natti i Hallvardsreppen.

II

 Ja, so var det daa den vaaren eg hadde fyllt mitt tolvte aar, – det var endaa den same vaaren morbror min, han Ivar Lunde, bleiv i Lønsosen.

 Det var ein dag framunder jonsok, og me sat endaa og dogurda oss heime paa Kvaale, daa me, best som det var, høyrde gardshunden vaar, han Passupp, taka paa aa halda eit syndeleven nede paa vegen. Han illgøydde, og han kvein og bar seg so det var reint ulikt. Men ender og daa kom der med innimillom eit glufs so grovt og holt at det var diplegt aa høyra.

 ”Nei, men so spring daa ut, du Per,” sa ho mor, ”og sjaa kva det er hunden baskar med!”

 Men enno fyrr eg vel hadde fenge lagt skeii fraa meg og kome meg fram fraa bordet, høyrde me stig ute paa tunet.

 So tok det i klinka, og inn imellom dørglytten stakk det med same eit mannlikan, slikt at eg enno aldri maken hadde set. Lang var han og smal var han som eit riveskaft; hatten hans var liten og striput, andlitet tunt og treturt, med naseklemma og uhorveleg langt ljost kinnskjegg; trøya og knebroki var roglelita som ei røy, sokkarne graae, og snørestyvlar hadde han uppetter dei tvo pipestylkjerne til smalleggjer.

 Han vart standande eit ørlite bil med klinka i handi og bisna paa oss; so nikka han, krøkte seg under tverstokken og steig inn.

 ”Aa nei, aa nei” sa ho mor, og flutte seg lenger inn paa benken.

 ”Jau, beiske deg!” tok han Salamon, tenestdrengen, i, heller noko laagt.

 Men daa eg so samstundes vart stird framum honom som inn var komen, kunde eg ikkje halda meg fraa aa setja i eit illskrik av rædsla.

 For der attum honom stod med labbarne paa dørstokken og glodde inn i stova eit ubeist so skræmelegt, at eg ikkje kjende føterne under meg, so fælen vart eg. Trollet tottest meg vera likso stort som ei liti kviga; det var brungult paa lit, med noko myrkare ragg framme paa halsen, og so hadde det ein kjeft med slik ein tanngard, som det stod der og teva og hengde med tunga, at det maatte kunna tyggja ein slipestein.

 Eg var viss paa det ikkje mindre kunde vera enn ei løva, ein tigerkatt eller eit anna av dei glupande udyri eg just hadde lese um i ”Jagthistorier fra Afrika”, som i dei dagar fylgde med ”Almuevennen”, og eg venta meg ikkje betre enn at me paa raude rappen skulde verta sundrivne og uppetne alle ihop.


 Men so gale gjekk det no ikkje heller, og daa eg saag rakken for det fyrste vart standande der han stod, krøkte eg meg upp under kraaskaapet, og slo meg til tols so godt eg kunde.

 Medan so hadde han, reklet, stroke hatten av hovudet og sjøkla fram yver golvet. Han far var den som fyrst fekk malte upp. ”Kvar er denne karen ifraa daa?” spurde han.

 Men der var ikkje meining skapt i det som spøkjelset svara, det let som berre ”viski vaski ruski raski”, alt saman. Og so log han og riste paa hovudet og bar seg so eg ikkje kunde halda meg fraa aa læ, endaa so rædd som eg var.

 ”Aa snakka ditt morsmaal, kar, og statt ikkje so og skapa deg!” meinte han Salamon.

 Men fanten lest aldri høyra, han, gjeng fyrst burt og glytter inn i kleven, snur seg so mot nystova; der gjeng han inn, med det store gule ubeistet labbande etter seg.

 ”Kva er daa dette for noko,” for no han far upp, greip til sida der kniven hekk, og steig fram fraa bordet.

 ”Aa Gud betre meg, no skal du sjaa han stel sylvskeierne mine!” tutra ho mor. Men daa kjem villtysket i det same inn att, dreg upp setleboki si og legg ein tidalarsetel burt i vindauga framfyre han far. Og so peika han mot nystova og nikka og log att so det var ikkje anna aa tru enn han maatte vera komen beint fraa galehuset.

 Samstundes køyrde der ei kjerra upp fyre døri, og han Lars Haugen, skytsmannen nede i dalen, steig inn.


 ”Goddag i huset og takk for sist!” helsa han. ”Eg ser fanten er alt fyrekomen,” sa han; han klufta ifraa meg nede i bakkarne, daa eg peika det var hit me skulde.

 ”Goddag og sjølv takk for sist” sa han far. ”Men er det du, Lars, som er ute og fer med jolebukk no ved jonsoktider?”

 ”Ja, du maa so segja,” svara han Lars. ”Skræmde han ikkje mest vitet av baade kjerring og born heime hjaa meg daa han kom der i dag med skrubben sin! – Han hadde med seg brev til meg fraa futen Thorsen paa Eide. Futen skriv det er ein engelsmann som skal vera her sumaren frametter og fljuga um i fjelli, kva no det skal vera godt for! So bed han meg finna honom husrom, og so, tenkte eg kann henda du Torstein kunde hava raad med di. – Pengar hev han flust av, skriv futen, so du fær deg godt betala.”

 Ho mor var no ikkje vidare moda paa hava korkje fanten eller skrubben hans i husi sine. Men kor som var, so vart det no so paa resten, dei skulde faa lov til aa vera. Pengar er pengar, og tent er tent,” sa han far, han hadde det ordtøket.

 Og soleis gjekk det til at ”mister Johnsen”, som engelsmannen namngav seg, eller ”meistaren”, som han snart vart heitande i bygdi, kom til aa bu i nystova, baade han og hunden hans. – For det var no ikkje lenge fyrr eg forstod so mykje, at beistet likevel berre var ein hund, og det endaa ein snild hund, som ikkje baud paa vera nokon til meinka.

III

 Men den hunden, det var han Hall som eg tala um, ”master Hall”, som husbonden hans jamt kalla han.

 Ja, det var mykje til greidor med den velsigna hunden. Eg kann just ikkje segja ho mor vart vidare blid daa ho saag engelsmannen gav honom av den beste mat paa bordet fanst, og let honom eta or ein av hennar finaste talkar. Men daa han so tok det gildaste tæpet hennar, ei brudegaava fraa mor si eigi syster, og let hunden reida seg bol paa, gjorde ho baade gret og let, og det var ikkje meir enn so mister Johnson vann bota skaden med ein femdalarslapp.

 Han Passupp vart noko som ein avsett lensmannsdreng han, stakar, fraa den tidi han Hall kom i huset. Det var med naudi han ender og daa vaaga seg inn i stova til aa faa maten sin, so trygg og heimekomen han der hadde vore. Og aldri fyrr fekk han auga paa den gule engelske storkaren, som truleg var altfor storlaaten til aa bry seg vidare um honom, fyrr han krøkte rygg og pilta smaaknurrande burtetter med rova millom bakføterne.

 Me hadde i fyrstningi ottast mykje for det vilde verta so paa lag umogelegt for engelsmannen og oss aa skyna kvarandre. Men det gjekk ikkje so ille med dette endaa. Det var reint utrulegt som han vann greida seg med fakter og minor, og som det leid kom han no etter mangt av maalet vaart og.

 Han var i det heile ein snild og godlynd mann, denne mister Johnson, endaa so vimen han var. For maken til skruv skulde du aldri ha set, naar ridi kom paa honom; han kunde bera seg daa som var han rispande galen og vel so det. Soleis andre sundagen etter han var komen. Dreg han so paa seg sundagsbunaden som enno hekk etter han godfar, og gjev seg paa kyrkjeveg i raudluva, kvit grønkanta vampe, raud vest, gul skinnbrok og sylvspente skor, jamvel med piggstaven hans godfar i handi. Det var vel bisning paa kyrkjebakken, skulde eg tru, daa han soleis budd, høg og stiv, steig fram millom aalmugen.

 Ein dag hadde han vore ute paa veiding, men ikkje funne livende aa løysa skot paa. Kom han so paa heimvegen nede i lidi frampaa den staute gjeldbukken hans Ola, lauskaren vaar. Og dermed so klemde mister Johnson til, han, og skaut so bukken trilla daud nedetter. – Aa ja, ikkje for di at han Ola tapte paa det; bukken vart nok bøtt, skulde eg meina.

 Eg gløymer aldri eit spikk han gjorde daa eg ein gong ein solvarm sumardag var med han uppe i Stølsfjellet. Best som det var raakar me der frampaa ein gamall taterfant, som kom raklande hitetter med sekken paa ryggen. Fantekroken bad um tobak han, og det fekk han, og endaa ein dugeleg dram attaat. Han var ikkje so spar paa sovore, mister Johnson. Men kor det no bar til, nok er det, han fann paa taka upp tvo, eller det var tri dalarsetlar, som han baud gamlen, um han vilde dansa spildrende naken paa ei snøfonn der laag. – Og taterfanten so gjorde, han, kasta av seg fillorne sine og hoppa og krukte seg ei stund so godt han kunde, stakar, med snøen under dei berre føterne sine; medan stod engelsmannen so aalvorsam som han var i kyrkja og rita honom av i boki si.

 Eg kom snart til aa verta som ein tenar eller ei fullmegt hjaa mister Johnsen, eg. Eg sprang ærender for han, gjekk paa posthuset og so burtetter; fylgde han gjorde eg og som tidast. Og ikkje at eg skulde hava meinlika for det, trur eg! Pengar fekk eg av han rett som det var, bilæte og god mat og, so det var reint høgtid for meg no frametter.

 Det var ingen faare um han far baud paa smyrja meg upp heller, naar engelsmannen var heime; eg flaug berre uti til honom daa, og so var eg berga.

 Mest til kvar einaste dag var mister Johnsen ute og flaug og kleiv i berg og nutar. Og der er no endaa nøgdi av sovore heime, skulde eg tru; ein skal hava vondt for aa sjaa so ville og sundrivne fjell som der. Og ja menn var han mykje verre enn den verste berggeiti. Det var reint umogelegt aa tru det farande for folkefot der han klødde seg fram. Han saag ikkje faaren fyre seg, kor det saag ut.

 Aa ja, han gjev seg ikkje fyrr han fær slege seg i hel, sa folk i grendi. No var eg, um eg sjølv skal segja det, ein rask, urædd gut. Nokolunde kjend var eg og der i heimfjelli; der hadde eg fare um etter sauer og geiter eller etter kraakegull og sisselrot baade tidt og traatt; so engelsmannen jamnaste ikkje brydde seg um aa hava nokon annan med seg enn meg.

 Men det stod hardt fyrr eg fekk lov av ho mor til aa vera med paa desse agelause ferderne. Eg maatte lova baade med hand og munn at eg skulde sjaa meg vel fyre, og ikkje ganga etter der det var faarlegt.

 Og mister Johnsen var svært so rædd um meg han og, soleis. Bar det paa livet laust, fekk eg aldri lov vera med, men maatte vera att einkvar staden med hunden og nisteskreppa. Det kunde daa vara mest heile dagen fyrr me saag likt til han att.

 I desse stunderne var det den trufaste venskapen millom meg og han Hall kom upp. Me laag no og skjegla heller framandt til kvarandre fyrstundes; men daa me vel baae tvo fann dette hardla stusslegt i lengdi, maatte me noko finna paa, vilde me faa tidi til aa ganga.

 Og endaa so vyrdsam og gamalklok i all si ferd hunden var naar husbonden var til stades, vart det snart ingen ende paa alt det løglege han kunde hitta paa, naar me var paa tvomannshand soleis. Han bykste gøyande etter dei steinar og paakar eg kasta, flaug ender og daa uppetter meg, la labbarne paa akslerne mine, og so bar det i tak med oss so me rulla koll i koll burtetter. – Men vaar beste moro hadde me av aa grava etter myser og lemende under steinar og tubbor, so berre moldspruten stod.

 Det var no og reint makelaust til vit der sat i den hundehausen. Ein gong me var uppe i fjellet ei mils veg heimanifraa, batt engelsmannen reiseflaska si med ein liten setel atmed um halsen paa hunden, og bad han gaa. Eg trur ikkje det varde yver ein times tid fyrr han var der att, med flaska full av vin og med namnet hans far paa setelen. Mister Johnsen fortalde endaa, so vidt eg vann skyna honom, at han eingong i England fekk ”master Hall” til aa symja med den eine enden av eit reip i kjeften ut til ein mann som laag og baska i elvi og heldt paa aa bliva. Og mannen vart berga, han, soleis, høyrdest det ut til.

IV

 Ja, det var hugnadsame dagar desse. Det var berre synd dei skulde faa slutt so braatt, og so paa slik ein uheppen maate som det dermed bar til. Der stend so paa lag ein fjordungs veg nordanfyre Kvaale ein nut dei kallar Jorberghuten. Han er namngjeten vida, baade innan- og utanlands, denne nuten. Men so er det no og ein ovkar aa sjaa til. Han er yver sine fire tusund fot høg, og sting ende i veret paa dei tri sidorne, jamlagd mest som han var hoggen; men uppe er han so fint svarva som det skulde vera ein sukkertopp. Til den fjorde kanten, der han heng saman med fjelli innanfyre, er floget korkje so høgt eller so bratt, og upp der er det ingen vidare vande naa toppen.


 Midt uppe i veggen som snur ned mot dalen, er der i denne nuten eit trillande rundt stort hol inn igjenom berget, og der, segjer segni, held ein drake hus.

 So langt folk kann minnast attende hev berre tvo menne vore uppe i dette holet, og det var endaa han Hans Kvaale, farbror min, og so han Ola Teigen, sonen paa grannegarden. Dei kom ifraa det med livet baae tvo; men han farbror sa ofte det, at so rædd som den gongen hadde han aldri vore korkje fyrr eller sidan. Og han meinte paa di, det hadde fulla gjenge deim verre enn ille, um han ikkje i verste naudi paa nedvegen hadde lova tvo geitebrimostar og ein saueskrott til dei fatige, so sant Vaarherre let deim koma heilskapa ned att.


 Um drakehiet kunde han ikkje større segja, enn at det saag ut til aa gaa myrke berget stadbeint inn igjenom; men dei hadde ikkje ljos med, og torde ikkje gaa lenger enn dei hadde ljosken av dagsskimten.

 Dette drakeholet i Jorbergnuten hadde mister Johnsen gjenge og teke sigte paa like fraa han til bygdi kom. Ein gong prøvde han paa gaa upp der han farbror og teigsguten hadde gjenge. Men der laut han snu paa halv veg; for ei steinskrida hadde aaret framfyreaat teke med seg alt som til fotfeste brukande var.

 So var det daa at ulukka vilde han skulde faa auga paa ei smal skor, som dreg seg som ein myrk traad upp og fram tvers yver den nutveggen som vender mot Hallvardsreppen, og endaa heilt um paa den andre sida burtimot der drakeholet er.

 Men midt under denne tverskori, djupt, djupt nede, er det ”Helvite” ligg, – for det er namnet me der heime hev paa det tronge, forfælande braa djupet millom Jorbergnuten i nord og Teigsstupet i sør. Og namnet kann for so vidt høva og, som der i manns minne er fare baade folk og fe derned, men endaa ikkje beinet kome fram att i dagsens ljos, minder det daa skulde vera at Jorbergelvi som fysser derigjenom, bar einkvar molen ut med seg i det vaate fanget sitt.

 Burtetter denne skori var det engelsmannen so hadde sett seg i hausen aa naa fram til holet. Han laag i samfulle tvo dagar og keik i kikaren sin framfyreaat til aa merkja seg ut vegen han hadde aa ganga.

 ”Bed deg Gud til hjelp, og vis den freistande djevel fraa deg, menneskje!” sa han far. ”Men hev han so stor magt yver deg at du situpp lyt gjera av med deg, so gakk heller stad byks utfyre med same.”

 Men engelsmannen vilde det han vilde, han. Og ein speglande fin morgon, tvo munader paa lag etter han var hitkomen, tok me i veg. Eg og hunden fylgde so langt som fram paa Teigsstupet; der skulde me vera att, me.

 Men var det ikkje plent som hunden skulde ha ottast for ei ulukka! Han pla no alltid roa seg hjaa meg; men den dagen vilde han ikkje slaa seg til tols. Han kraup burt til føterne aat husbonden sin, dilla med rova, saag upp paa han og kvein so det var reint grøtelegt; der maatte endaa mynduge ord til fyrr han vilde lita.

 So gjekk mister Johnsen uppum fossen og yver brui han, starta seg uppetter berget til han naadde tverskori, og tok so paa føta seg tverbergs hitetter nuten.

 Fyrstundes gjekk det so radt ein berre kunde ynskja. Men etter lenger han kom fram og upp, var det likt til at skori vart smalare og verre aa ganga.

 Smaatt um senn hadde han likevel rokke so langt at det berre var glapet, so paa lag eit byrseskot breidt, beint yver millom han og oss, so eg saag han naudende vel og kunde fylgja med augo kvart stiget han tok.

 Hunden sat og stirde so augo i han glimde som berre gløder, og gav seg ille gjorde han rett som det var. Eg for meg kann segja eg var so paa livet at eg knapt torde anda.


 Det var ein liten bergknatt engelsmannen laut framum, som saag ut til aa vera honom mykje til meins. Han freista baade ein og tvo gongjer, men laut jamt draga foten til seg att. – Eg vart glad daa eg saag han gjekk nokre let attende. , ”Gudskjelov, no skal du sjaa han snur” tenkte eg. Men det vart ikkje noko av med sovore, ikkje; han stod berre eit lite bil og kvilde seg liksom, gjekk so i veg aa nyo. Han trivla etter tak uppetter og nedetter knausen, leita med taatippen etter fotefeste, og tume for tume hadde han soleis drege seg fram, so eg alt trudde honom yver det verste der.

 Daa med eitt ramla han laus, tok fyrst inn paa fjellet tett nedanfyre, gjorde eit par kast i lufti, og so stupte han med hovudet fyre og armarne vidt utslegne like lukt ned i myrke djupni.

 Eg minnest som i ein draum at eg høyrde eit skræmelegt yl innved meg; so hugsar eg ikkje vidare, fyrr eg kom sendande heim paa slaatteteigen og skreik, at engelsmannen var faren utfyre.

 ”Gud trøyste meg, kva er det du segjer” ropa ho mor, og let grasfanget detta. ”Kvar helst, gut?” spurde han far hardt.

 ”Aa.. han.. han.. datt i Helvite”, tuta og hikka eg.

 ”Ja, so fær han nok i Guds namn vera der og daa, so visst som mannemagt er faafengd,” sa han far med dirrande mæle. ”Eg kunde tenkja det var noko han bala etter.

 Han og han Salamon treiv kvar sitt reip, og burtetter bar det, endaa me altfor vel maatte vita det ikkje var tenkjande paa berging eingong. – Det einaste minne um mister Johnsen me der burte saag var hunden hans.

 Ja, han Hall, stakar! han var reint som ifraa seg han. Gøyande og ylande flaug han att og fram nede paa stupet, gjorde ender og gong i tanande laup ein snert uppum brui, og so attende. Paa seinsten drog han seg fram paa floget, nedfyre der me fyrr hadde sete, so langt som berre han koma kunde, og laag so og stirde ende ned fyre seg i det gapande sluket. Det var ikkje raad faa han der ifraa, med alt det me lokka. – Ut paa kveldkanten gjekk eg dit burt med litevetta mat; men han vilde ikkje smaka biten.

 Han vart verande der ved den djupe gravi aat husbonden i samfelde tri døger, og kveldarne utyver kunde me endaa like heim til Kvaale høyra omen millom fjelli av dei uhuglege yli han stundom sette i.


 Men tridje dagen, daa eg fram paa eftansida kom og kalla paa han, kraup han seg endeleg frametter til meg, merkt soleis av den vonlause sorgi, at eg, hugsjuk som eg sjølv var i mitt mjuke barnehjarta, slo armarne um han og gret som eg skulde verd dengd.

 Fraa den stundi heldt han seg til meg med ein truskap som var reint vedkjømeleg. Det var som han visste han no ikkje hadde nokon annan enn meg, som brydde seg um han.

 Han fylgde med heim. — Daa me kom inn i stova var det som han livna upp; han flaug mot nystovedøri, gøydde og gnistra og gav seg ikkje fyrr han slapp uti. Han snusa og leita romet rundt fleire gongjer. Dermed var det liksom han seig ihop att, og so gjekk han sin veg. – Sidan baud han aldri paa koma uti nystova meir.


 ”Nei, men so gjev daa stakars dyret noko aa liva av!” sa eg.

 ”So laga til graut og mjølk aat han i koppen hans Passupp, du!” svara han far. ”Men . . . eg er rædd, han ikkje vil hava det!”

 Jaja, so fær han eta den maten han sjølv hev daa, ” meinte gamlen. Der vert ikkje gjort større krus med han heretter. Men er han svolten, gjeng det nok ned.”

 Mjølki var sur som brim, og den sleipe koppen lukta verre enn ille. Ikkje fyrr hadde hunden snusa til det fyrr han snudde seg ifraa og saag upp paa meg med eit augnelag som vilde han spyrja, um det kunde vera meiningi mi han skulde eta so ufysen mat. Han var ikkje van med sovore han, skulde eg tru, og vanen er vond aa venda for baade folk og fe. – Men eg hadde ikkje betre aa bjoda eg, raadlaus som eg stod, med graaten i halsen. – Endeleg prøvde han med eit par bitar, gjekk deretter burt og ringla seg ihop paa golvet ved peisen. Det vart brorparten av min eigen smørkling som gjekk i han daa fyrst han far vel var ute av stova. Det vart mi største umsut i dei fire fem vikorne som no gjekk, dette aa finna han Hall mat. Sjølv skifte eg no alltid trufast med han, jamvel fekk eg no og tigga laust eitkvart kjøtbeinet, og daa han dertil, som det leid, laut venja seg taka til takke med grauten, vart det endaa so han berga seg.

 Men han var ikkje lenger den staute sjølvbyrge karen han fyrr hadde vore. Han gjekk der og drog seg som ein skugge, og let seg lita med nokosonær alt. Sneist etter vart han jamnan av dei vaksne der paa garden; men han baud aldri paa setja upp. Han smatt berre undan og heldt seg or vegen so godt det var gjerande.

 Jamvel han Passupp, den krøkja, vart smaatt um senn so modig at han vaaga seg til aa retta rova i veret og bysta seg, naar han gjekk framum honom.

V

 Men so hev eg no aa fortelja, at um uheppa med mister Johnsen vart det same dagen han var utfyrefaren sendt bod til lensmannen. Og ein dag i vika kom stemnemennerne og skreiv upp alt som etter honom var.

 Ein maanad paa lag leid; so let lensmannen oss vita, at eignaluterne etter engelsmannen, med undantak av nokre bøker og anna smaatt som vart aa senda yver til England, skulde seIjast paa ein auksjon som komande vika var tillyst heime paa Kvaale etter han gamle Hans Krokelid, husmannen vaar hadde vore.

 ”Du fær kjøpa hunden, du Per, daa,” sa han Salamon og lo.

 ”Det er daa ikkje sant, far?” spurde eg hand fallen.

 ”Kva slag?”

 ”At han Hall skal seljast um maandagen?”

 ”Nei, du vilde kann henda me skulde hava han gangande her paa gjestebodskost lenger, du?” svara han. ”Eller kanskje du trur det svarar rekning for gjødslehaugen si skuld?” la han til og kaldflirde.

 Eg snøgga meg paa døri so fort eg kunde. Arme Hall! korleis skulde det so verta med honom.

 Med hovudet hans i fanget mitt laag eg til fram imot kvelden uppe i urdi og gruna paa raad. Eg kjende det som det var ein heilag skyldnad eg hadde paa meg aa berga han. Men kva kunde, kva skulde eg gripa til ? Ei ort og tvo og ein halv skilling var alle dei pengar eg aatte; og endaa sa han Salamon det, at tvoskillingen i grunnen ikkje var nokon tvoskilling, men av ei utanlands mynt som ikkje gjekk her hjaa oss.

 Og um eg no og fekk kjøpt hunden for desse pengarne, kva hadde eg so aa føda han med!

 Eg hadde aldri fyrr visst kor vondt det er like vel aa kjenna seg kjøvd av dette aa vera for liten og for magtlaus, so hugheil viljen endaa kann vera.

 Det var ikkje anna fyre, eg fekk freista med han far att, so liti von eg i grunnen hadde, og so rædd eg og var hans kalde, bitande spe. Eg laga ihop ein heil liten tale eg vilde koma med. – Og daa eg la meg um kvelden var det seinste eg gjorde aa beda so hjarteleg eg vann til Vaarherre, at han maatte hjelpa meg;. so skulde eg verta so snild gut! Aa, so snild, so snild!

 ”Far!” sa eg, so smeikjande eg kunde, daa eg dagen etter kom ned paa aakeren til han.

 ”No daa?”

 ”Far . . . kunde ikkje du kjøpa hunden um maandagen?”

 Han stod eit lite bil og kaldgrein burt til meg, med eine munnviki uppdregi.

 ”Jau eg skulde det! Det er ikkje nok med det du sjølv aaret rundt kostar meg i føda og klæde, eg skulde halda hund aat deg og tykkjer du?”

 ”Men . . . men . . eg skulde vera so lydug . . . og so trottig til aa arbeida .. ”   ”Eg raader deg til du held upp med det riktet medan tidi er god, gut” tok han i med eit maalfelle som eg meir enn vel kjende.

 Inkje ordet mælte eg vidare, labba meg berre uppyver og heim.


 So var daa endeleg maandagen komen og med den lensmannen, og av bygdefolk so mange at stova var full mest.

 Han Hall stod bunden etter eit tog burte ved omnen. – Han let dei stella med seg som dei vilde, armingen.


 Det varde til framyver non fyrr det vart uppropa det som etter engelsmannen var. Byrsa vart seld, so klædeplaggi og dei tvo kistorne.   ”Ja,” ropa lensmannen endeleg, ”so hev me her ein hund, som endaa til kann ganga for baade bamse og skrubb. – Gjer bod!”

 ”Ei ort for skinnet til styvels-leggjer!” skreik han Lars Lunde.

 Eg kjende, der eg stod, kvart ordet stinga meg i hjarta som det skulde vera syls-oddar.

 ”Ei ort er bodi! Ei ort! – ingen betre? . . . Ein halv dalar daa, for baade skinn og skrov!”

 ”Ja, daa maa lensmannen vel hava han for meg!” tok han Lars Lunde frami.

 ”Ein halv dalar! Tridje og siste gongen, ein halv dalar! – No slær eg!

 ”Ja, slaa du”, sa han far.

 Og lensmannen lyfte den litle hamaren sin. Eg heldt det ikkje ut inne lenger, eg skunda meg til dørar; men med same eg for yver dørstokken fekk eg det gnelle, kvasse ljodet av hamarslaget etter meg. – Eg tok foten aat høyløda, kasta. meg ned, reiv og sleit i høyet, gret og skreik, banna til, som eg no aldri var van, slikt at eg mest vart fælen for meg sjølv. Eg var sinna so eg berre koka, sinna paa alle, paa lensmannen, paa han far og … ja, eg totte no endaa Vaarherre gjerne kunde ha vore meg noko lite til hjelp, han som hadde so godt for det.

 Daa let duren av ei kjerra nede paa vegen. Eg keik ut gjenom eit navarshol;. – og der køyrde lensmannen, med hunden slunkande baketter kjerra, bunden etter toget til det eine stoljarnet.

 Herregud, at han daa ikkje, so sterk som han var, reiv seg laus og beit og sleit deim sund alle ihop!

VI

 Men det varde ikkje lenger enn godt og vel natti yver fyrr eg hadde han hjaa meg att. Eg stod endaa attum stabburet og lodde staur um morgonen daa eg med eitt fekk sjaa han koma langbyksande hitetter storaakeren.

 Aa, du for fagnad det vart ! Eg trudde hunden skulde verta galen av berre gleda, og sjølv var eg so fegen eg hade hoppa og dansa med han.

 So truga eg han til aa leggja seg medan eg stillte meg inn paa stabburet og stakk under trøya den tjukkaste og feitaste rullepylsa eg fann. Eg totte han kunde trenga til ein godbit no, stakar.

 Men daa var det ulukka laga det slikt at han far gjekk framum, just som eg steig ut att.

 ”Kva hev du der inne aa gjera?”

 ”Aa . . . eg . . . eg skulde berre inn . . . etter ein spikar,” stama eg, – daa eg med det same hugsa paa at spikarkassa stod der inne.

 ”Det er vel den spikaren eg ser der under trøya di daa, kann henda?”

 Eg saag nedetter meg, aa ! der stakk den fille rullepylsa fram nedanfyre trøyekanten! Eg vart so rædd med same at eg slepte henne, so ho rulla ned etter stabburstroppi og vart liggjande framfyre føterne paa han far.

 ”Kvar skulde du so slaa den spikaren inn?” spurde han langt.

 Eg slapp for aa svara med di at han Hall nettupp, daa kom stingande fram med novi.

 ”Haa haa! eg kunde mest tenkja det” tok han far i, treiv ein stein og grytte i hunden, so han ylande og hinkrande la i laup upp etter bakkarne.

 Og so vart eg gripen i luggen og leidd burt i vedhuset, og der fekk eg slik stryk at eg var saar og striput av det i fleire dagar etter. – Og so fekk eg, daa eg endeleg var slept, noko attaat som svei mykje lenger enn all lyvjingi; og det var desse ordi av han far: ”Lat meg no berre raaka deg paa tjuveveg oftare!”

 Fraa lensmannen fekk me sidan høyra at hunden hadde fylgt viljugt med heim. Der var det meiningi aa halda han i band ute i tunet. Men morgonen etter hadde han slege seg reint vill, rive og slite i bandet til han kom laus; og burte var han.

 Kvar han no heldt til var vandt aa vita. Eg var tvo gongjer uppetter og leita, men gjorde korkje saag eller høyrde til han.

VII

 Me buførde heim fraa stølen paa denne tidi, og buskapen var slept i heimemarki.

 Og no bar det so til, at hunden, som det leid, meir og meir gjekk meg utor tankar for ein annan firfoting si skuld, – eit værelamb eg vaaren framfyreaat hadde fenge av gudmor mi, ho gamle Ingebjørg Seim. – Det hadde endaa mist mor si, vesle kreket, daa eg fekk det og ol det frametter til det vart slept aat fjellet.

 Det var mykje som vesle votten hadde kome seg um sumaren. Var han ikkje vorten slik ein lubbe, at det var reint morosamt aa sjaa! Og tvo smaae nubbar til horn hadde han fenge seg uppe i skolten, endaa det berre hadde vore som tvo erter aa kjenna der um vaaren.

 Og so kjælen og kynd som han var daa! Det varde ikkje mange dagarne fyrr kjennskapen vaar var den gamle gode; berre han saag meg kom han kinkande seg, dilla med vesle spælen sin og kravde etter einkvar godbiten.

 Det let so det var nok alt anna enn trygt for udyr uppe i marki den hausten. Fraa grannegrendi fekk me soleis høyra dei hadde funne tvo lamb og ei vaksi geit sundrivne og halvt uppetne seinste vika. Eg vart illhuga for lambungen min straks eg fekk vita, dette, so mykje meir som han gjerne hadde for vane, so som ale-lamb plar, aa halda seg for seg sjølv noko ute fraa dotten; eg lova meg paa at dagen etter skulde han verta innsett.

 Og eg hadde kje ottast for inkje noko; for endaa same kvelden fram imot myrkningi kom saueflokken setjande heim, i slik ei vitlaus rædsla, som han skulde vera skræmd av bamsen sjølv.

 Men vesle væren min var ikkje med.


 Eg gjekk med bivrande hjarta og leita dotten yver tridje gongen, daa han Ola, lauskaren, som hadde vore uppe i marki og hogge famneved um dagen, kom kluftande nedetter, med augo i haargarden.

 ”Jau,” skreik han, ”no hev eg daa endeleg fenge syn for kva udyr det er! Er det ikkje denne helvites hunden etter engelsmannen kanskje!”

 ” Han Hall ? – Det er daa ikkje raad ”

 ”Ja ja, gakk berre upp under Kvitaberg, du far min, so fær du sjaa! Vil du finna lambet ditt, so ligg det der so daudt det verta kann, og so sundrive at det er grøtelegt! – Det var ikkje meir enn som so han vilde røma for øksi, trollet, som han stod der yver det og grein mot meg daa eg kom springande til!”

 Det ubeistet. Aa det ubeistet! – Aa lambet mitt! det einaste lambet mitt!

 ”Ja menn fekk du takk for umaken, du Per og no!” flirde han Salamon.

 Eg var ikkje lenge um aa faa paa meg helgeplaggi mine um morgonen, daa eg vart paalagd gaa til lensmannen og beda han koma gjera ei greida med hunden sin.


 Men det trega meg harmeleg aa sjaa kor skalkut han far kneip lipporne ihop daa han saag kor annsamt eg hadde det med aa koma av garde. – Nei, aa nei, for ein tull, for ein tull eg hadde vore!

 Lensmannen banna so det berre gneista um han daa eg hadde bore bodi fram; for det vilde kor som var verta hans sak aa bøta skaden.

 Tidleg dagen etter kom han køyrande, og han og han Salamon og tri andre karar, med kvar si rifla paa oksli og med fire hundar i fylgje, tok til skogs.

 Utpaa kvelden kom dei heimatt til Kvaale.


 Dei kunde segja ifraa at hundarne sistpaa hadde fenge teven av røvaren øvst uppe i Lundeleinerne og jaga han fram. Men han Frigar hans Ola Teigen, som vaaga seg for langt innpaa, vart liggjande att med uppriven mage.

 Sidan hadde han Hall – saara som dei trudde av eikor av dei fem kulorne dei sende han – teke laupet inn imillom ville fjelli burtetter Sygneleidi, og det gjorde baade varde og rokk fyrr dei andre hundarne kom tilbake.

 Ja ja, han hadde ikkje fortent det betre heller!


 Men var det kje endaa so eg ikkje var god for lata vera hava vondt av han likevel, tjonet!

 Sidan um hausten var det ikkje merkande til anna enn at kreturi fekk gaa i god fred for udyr. – Og hunden vart korkje høyrd eller spurd, so visst laag han longe daud einkvar staden uppe millom knausarne.

VIII

 Det var mykje til fint og mildt haustver me fekk det aaret. Geiterne berga seg sjølve ute til fram i desember, og sauerne med, naar eg gav dei litevetta morgon og kveld. – Ho gamle Sigrid Krokelid sa ho ikkje slik haust kunde minnast, sidan den gongen han Hans braut beinet sitt i Lonskleivi, og det var tvo aar fyrr han Sjur son deira kom til; men han Sjur var no innpaa dei tvo tjug, ikkje rettare ho hugsa.

 So endeleg ein dag, paa lag tri vikor fyre jol, fekk me tjukt snjover, og um morgonen var det strjukande føre.

 Den som var glad var eg. Ondrarne mine hekk alt longe med sine nye fotband ferdige paa nabben sin attum smidje-ramen. Eg hadde aldri fyrr fenge bisken i meg fyrr eg vassa i veg uppyver etter deim; – for smidja heime ligg, som skikken gjerne er, eit stykke fraa dei andre husi, for eldsfaaren si skuld.

 Eg hadde alt fenge føterne i bandi og skulde til aa sleppa laust nedetter, daa eg fekk høyra noko liksom gnistra og jamra seg burte i ein bordhaug der laag.

 Eg vart undren yver dette, steig av og gjekk burtaat og vilde sjaa kva det no kunde vera . . Uhh! so eg kvakk med same! . . . Men . . . var det raad? . . jau, det kunde ikkje anna vera, det maatte vera han Hall som laag der!

 Men nei, aa nei, som han saag ut! Han kunde ikkje eingong segjast vera skinn og bein. At beini var der, var vandelaust aa sjaa, det var ikkje so at kjøtet var til hinder; men skinnet, det var skurva i skurva og saar i saar yver heile hans kropp, slikt eg ofte hadde set det paa sauer som hadde gjenge for lenge ute og frose og svolte haustdags.


 Men i same blinken var alt eg imot han hadde, gløymt som det aldri skulde ha vore. Han var atter berre den ulukkelege venen min, som eg var reidug taka meg av alt det eg evla.

 Eg passa paa som eg ingen saag ute i tunet aa faa han inn i smidja; men han var so utarm at det ikkje var meir enn som so han vann kreka seg etter meg. -Yver ein aas hekk det ein gamall skinnfeld; den breidde eg under smidjebenken og let han leggja seg paa.

 Og so – ja eg fekk vaaga det, endaa hjarta hamra stygt i bringa mi – paa stabburet att etter ei rullepylsa. Og eg slapp snikkelaust fraa det og denne gongen. – Baketter stillte eg meg jamvel inn i fjøset og mjølka full ei stor svineblaasa som eg sidan tømde i ein tresko uppe i smidja. Han fille Passupp kom rennande uppetter ut paa dagen, gøydde og bruka kjeft alt det han orka; men ja menn fekk han skyts nedatt, so han ikkje baud paa det meir!

 ”Nei, kva er det daa du Per hev det so annsamt med uppe i smidja i dag?” spurde han far.

 Jau . . . det var daa ein kjelke eg skulde gjera meg. – Og so hamra eg innimillom laust baade paa det eine og andre deruppe, so dei skulde tru det var arbeid eg hadde fyre meg.

 Eg torde ikkje tenkja paa korleis dette i lengdi vilde ganga; eg fekk lata kvar stund syta for seg, at eg ikkje reint skulde missa modet. Det gjekk no alt baade godt og vel den dagen til endes. – Morgonen etter, daa eg steig inn i smidja att med ein fleskebit i lumma, fann eg hunden i god ro paa same staden.


 Nei, so glad han vart daa han fekk sjaa meg, smaakvein og veifta med rova, og so blidt som han saag paa meg med dei væne brune augo sine, som no heldt paa faa liv og eld att; det var merkande han alt hadde kome seg mykje.

 Jamvel den dagen frametter berga me oss fint. Det tok alt til aa dimmast av kvelden so smaatt, og eg sat nettupp nede i stova og fekk meg nonsmaten min.

 Men daa var det at ho Olina kom farande hovudstups inn og skreik at den vonde sjølv var uppe i smidja. – Det var som eg hadde fenge ei kald vatsbytta yver meg med same.

 ”Aa tøv” meinte han far.

 ”Aa jau, jau” – tuta ho – det var so sant, so sant som ho stod der ein syndar!

 Ho skulde upp i smidja etter is-øksi, og sat han ikkje so der under smidjebenken og glodde paa henne med tvo augo so store som talkar, so vilde ho ynskja ho ikkje kom livande av flekken!

 ”Ja so” sa han far turt og gjekk til dørar.

 Fram for eg ifraa bordet, framum honom ute i gangen, og so upp, smelte halvopne smidjedøri i.

 ”Du kjem ikkje inn! Du kjem ikkje inn!” skreik eg honom imote.

 ”Er du galen, gut!” sa han, treiv meg i armen, kasta meg til sides og gjekk paa. Men aldri fyrr fekk han dørglytten upp fyrr hunden innanfyre sette i med ei forfælande gøying og kom dundrande mot døri, just som han far snøgga seg slaa henne i att.

 ”Men … det er daa vel aldri …!”

 ”Aa jau, jau!” skreik eg, ”det er han Hall! Men du maa ikkje gjera han noko! – kjære far, du maa ikkje …!”

 ”Salamon” ropa han; ”Salamon!”

 ”Ja”, svara han Salamon nede i stalldøri.

 ”Hev du byrsa di ladd?”

 ”Ja”

 ”So kom med henne daa! – og det paa fljugande flekken!”

 Og so kom han Salamon byksande med rifla si i handi.

 ”Kva er tiss?”

 ”Aa, gakk berre upp tak luka fraa smidjegluggen, so fær du sjaa!” sa han far.

 ”Ja du kann berre prøva!” skreik eg, ”du kann berre prøva, torer du! . . . eg skal skamslaa deg! … eg skal . . . aa, eg skal drepa deg, skal eg … ”

 ”Aa, ditt narr,” tok han far frami, greip meg og meinheldt meg, daa eg alt var paa spranget med ein diger staurende i lufti, – medan han Salamon steig upp, tok luka ifraa og keik inn.


 ”Haa haa !” ropa han, ”er det du, din rakkar! ja, bia no so skal du faa varme maten din, skal du!”

 So inn med byrsa; og so small det.

 Daa dei let upp døri laag han Hall daud paa golvet innanfyre.

 Eg kasta meg ned yver honom reint som ifraa meg. Eg gret, stridgret, hikkegret so eg plent heldt paa missa anden. Han Salamon stod atved og flirde og log.

 Men han far kom burt og lyfte meg – slett ikkje hardt – upp etter trøyekragen. ”Bed Gud varna deg, og bruk vitet ditt!” sa han mykje mildare enn han var van, liksom halvt baade undren og ottefull; ”for du veit daa det, det er berre ein hund!”