”Meir seg sjølv for kvar bok,” skreiv Dagbladet sin bokmeldar Helge Torvund om den siste diktboka til Birkedal – Gliper.
Du ser deg mett,
stirer deg blind
på ei greie.
Så ser du greia
som noko anna
att. Så ser du
glipene. Glipene
i røynda. Røynda
i glipene.
I Gliper blir vi kjende med heile spennet i Birkedals forfattarskap: platesamlinga, Johnny Cash-konserten, kassettbandsløyfekluss, B-sidene og det sikre grepet om den dialektfarga nynorsken. I fleire dikt om far sin viser Birkedal fram røynda med inderlege og konkrete stemningar i årstidsnære bilete. Det lokale og det personlege har han alltid vore oppteken av, men i Gliper tek Birkedal eit steg vidare gjennom eit stødig poetisk handverk der vi kjenner at dette er poesi som blir stadig meir allmenngyldig.
Bakgrunn og formål
Samlagsprisen blei utdelt første gongen i samband med 125-årsjubileet i 1993. Prisen skal gå til ein forfattar som har gitt ut minst ei skjønnlitterær bok med høg kvalitet, for barn/ungdom eller vaksne, på Det Norske Samlaget i løpet av dei fem siste åra.
Jury
Ein jury med tre medlemmer plukkar ut vinnaren av Samlagsprisen. To jurymedlemmer blir valde av forfattarane på forfattarårsmøtet. Eitt medlem av juryen blir skifta ut kvart år. Eitt medlem blir oppnemnd av forlaget for to år frå skjønnlitterær avdeling. I juryen sit forfattarane Marit Kaldhol og Helga G. Eriksen og forlagsredaktør Finn Totland.
Prisen
Prisen er i dag på 25 000 kroner.
Utdelte prisar:
2007 Arnt Birkedal
2006 Frode Grytten
2005 Finn Øglænd
2004 Eva Jensen
2003 Rolf Sagen
2002 Ragnar Hovland
2001 Marit Kaldhol
2000 Einar Økland
1999 Oddmund Hagen
1998 Rønnaug Kleiva
1997 Per Olav Kaldestad
1996 Helge Torvund
1995 Oskar Stein Bjørlykke
1994 Jon Fosse
1993 Lars Amund Vaage