Bakgrunn og formål

Litteraturprisen vart oppretta i 2002 og blei delt ut første gongen i 2003. Guro Sandsdalen var alltid ivrig til å hjelpe fram yngre forfattarar, særleg frå Telemark. Det vart etter hennar død oppretta eit minnefond som skal gå til å stø dette formålet.

Fondet skal kvart år, inntil det er brukt opp, dele ut ein pris til ein yngre forfattar som arbeider for å utvikle og utbreie nynorsk skriftkultur. Prisen kan bli utdelt for skjønnlitteratur eller saklitteratur, og det skal leggjast vekt på litteratur for barn og unge. Dersom det innanfor denne gruppa forfattarar er ein kandidat frå Telemark, skal han/ho prioriterast.

Jury

Prisen blir administrert av same juryen som deler ut Samlagsprisen. Juryen har bestått av forfattarane Marit Kaldhol og Helga G. Eriksen og forlagsredaktør Finn Totland.

Fondskapitalen er per 31.12.2006 på kr 38 168.

Prisen

Prisen er på 10 000 kroner, og blir delt ut på Samlagets årsmøte 20. april 2007.

Utdelte prisar

2007 Ingelin Røssland

2006 Hilde K. Kvalvaag

2005 Arnfinn Kolerud

2004 Lars Mæhle

2003 Ragnfrid Trohaug