Utkantkommune fryktar for framtida for dei små biblioteka om Bibliotekreform 2014 blir vedtatt. ? Små bibliotek er ikkje det same som dårlege bibliotek, seier biblioteksjef i Ulvik, Ingeborg Fære. ? Små bibliotek er ikkje det same som dårlege bibliotek, seier biblioteksjef i Ulvik, Ingeborg Fære.

I «Bibliotekreform 2014», som nett har vore ute på høyring, er målet at biblioteksektoren i Noreg skal bestå av eit samhandlande nettverk av sterke og kompetente bibliotek.

Desse skal kunne tilby gode, relevante og oppdaterte tenester og tilføre brukarane kunnskap, kompetanse og kulturopplevingar. Målet er eit Norgesbibliotek der folk møter ein einskapleg og samla biblioteksektor. Ressursane skal vere tilgjengelege for alle uavhengig av bustadkommune.

Fleire kommunar stemmer i målsettingane reforma legg fram, men vegen fram dit er det større usemje om.

Samle bibliotek

Biblioteka skal reformerast gjennom å samle (konsolidere) fleire bibliotek i eit geografisk område til eit nytt felles bibliotek, som kan utvikle fleire og betre tenester.

Biblioteksjef Ingeborg Fære i Ulvik Herad i Hordaland er skeptisk:

– Vi tvilar på om konsolidering er den rette vegen å gå for å nå målet om sterke og gode bibliotek, skriv Fære i høyringssvaret frå Ulvik Herad.

– Vi fryktar at det vil føre til nedbygging av biblioteka i dei små kommunane. Konsolidering vil føre til unødvendig mykje administrasjon og byråkrati som ikkje kjem brukarane til gode, seier Fære, som meiner det er andre vegar å gå for å styrke biblioteka.

– Kva andre alternativ finst det då?

– Det finst andre, mindre fastlåste former for samarbeid biblioteka mellom. I Nord-Hordaland finst det allereie eit samarbeid mellom åtte kommunar, med til dømes felles katalog på nettet og transportordning. Ein kan samarbeide om tenester og fagleg nettverk. Det er meir fleksible ordningar, og mindre byråkratisering.

Transport

Men det er også mykje positivt med reforma, ifølge Fære.

– Det er positivt at biblioteka blir sett på dagsorden, og at målet er å gje betre bibliotektenesta til brukarane. At reforma tar til ord for å å vidareutvikle ei landsomfattande transportordning er kjempeviktig for våre små bibliotek. Vi har ikkje alt, så vi er avhengige av å låne gjennom «fjernlån», seier Fære og held fram:

– Bibliotekreforma fokuserer også på biblioteket som møteplass – og det er kjempefint. Biblioteka skal vere ein møteplass for alle grupper av innbyggjarar, og at ein har eit tilbod til alle innbyggjarar. Det er stadig færre møteplassar elles.

For Fære blir det då eit paradoks at det nettopp er denne typen møteplass som biblioteket i Ulvik representerer som får ei meir usikker framtid.

– Om ein skal reise til eit større bibliotek, dit ein kanskje må bruke ein time eller to for å kjøre til, vil biblioteket bli brukt på ein annan måte. Det blir ikkje like impulsivt og spontant. Brukarane våre er opptatte av å ha bibliotek der dei bur og ikkje måtte reise til ein større kommune.

Tolking

Ifølgje reformforslaget vil det bli sett ei grense på fem årsverk for at eit bibliotek skal vere ei sjølvstendig eining.

Men berre 67 folkebibliotek har meir enn fem årsverk i Noreg i dag. 244 folkebibliotek har berre eitt eller mindre enn eitt årsverk. Ulvik har eitt årsverk, noko som ikkje er uvanleg.

Sjølv om reforma legg opp til at kvar kommune, i tråd med biblioteklova, skal ha eit bibliotektilbod, anten som filial, bokbuss eller bibliotek i butikk, fryktar Fære at rommet for tolking her blir stort.

For små

Biblioteksjefen i Ulvik meiner det må vere ope for ulike organisatoriske modellar for å nå målet om sterke og kompetente bibliotek.

– Det er mange faktorar som er med på å avgjere kvaliteten på bibliotektenestene. Vi meinar at ein i denne samanhengen bør sjå på fleire faktorar, og ikkje i så stor grad fokusere på talet på tilsette. Me opplever at utgreiinga set likskapsteikn mellom små bibliotek og dårlege bibliotek, noko som ikkje er tilfelle, seier Fære.


Det er Nationen som skriver dette