Forfattaren Finn Øglænd er tildelt Rogaland Fylkeskommune sitt nyetablerte Rasmus Løland-stipend på 100 000 kroner. Stipendet skal bidra til å fremje produksjonen av litteratur for barn og unge. Femti år gamle Finn Øglænd frå Sola i Rogaland debuterte som skjønnlitterær forfattar med diktsamlinga Det opplyste landskapet i 1983. I 1986 kom første ungdomsboka, Pariserloff, og sidan då har det blitt til saman 14 barne- og ungdomsbøker, i tillegg til fleire bøker for vaksne.

– Spelar ikkje for galleriet
Øglænd var ein av i alt 35 som har søkjarar til det nyoppretta stipendet. Stipendet er oppretta av Rogaland Fylkeskommune i samband med Rasmus Løland-markeringa, og skal vere ei oppmuntring til å produsere ny norsk litteratur for barn og ungdom.

Storleiken på stipendet skal fastsetjast årleg i samband med budsjettarbeidet, og det skal gje grunnlag for at ein forfattar kan skrive på heiltid i ein periode, delta i forfattarstudium og liknande.

I grunngjevinga frå årets stipendkomité heiter det at Finn Øglænd  ikkje gjer seg til for lesaren, han kjem ikkje med store fakter, spelar aldri for galleriet. Komiteen understrekar at unge lesarar har krav på god litteratur.

– Det visste Løland, det veit Øglænd. Løland-stipendet er meint som eit «heia!» med på vegen til Finn Øglænd, seier komiteen.

Stipendet vart delt ut på Sand i Suldal kommune i dag, i samband med Rasmus Løland-markeringa.

Bildet: Finn Øglænd fekk det første Løland-stipendet på 100 000 kroner i dag. Foto: Jan Nortveit