Lars Amund Vaage blir festspeldiktar under Dei Nynorske Festspela i 2008. Festspelforfattaren vart presentert på ei tilstelning i Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda søndag. Han er den femtande forfattaren i rekkja av festspeldiktarer på festivalen i Ørsta og Volda og føl i forspora til kjende nynorskforfattarar som Kjartan Fløgstad, Halldis Moren Vesaas og Edvard Hoem.

– Eg vil gjerne at bøkene mine skal vere vakre. Musikken er ei stor sak for meg. Det er som eg spelar når eg skriv, og eg trur det er noko songbart ved bøkene mine, sa Vaage då han vart presentert i går. Han sat sjølv ved flygelet i Aasen-tunet.

Lars Amund Vaage er opprinneleg frå Sunde i Kvinnherad. Han debuterte i 1979 med romanen «Øvelse kald vinter» og har seinare gitt ut både romanar, noveller, skodespel, barnebøker og diktsamlingar. I 1995 vart han tildelt kritikarprisen for romanen «Rubato». Han vart og nominert til Nordisk Råds litteraturpris for boka. Han har vunne P2-lyttarane sin romanpris i tillegg til ein rekkje andre prisar. I 2001 var han Festspilldikter i Bergen.

Programmet for neste Dei Nynorske Festspela i Ørsta og Volda vert lagt i løpet av vinteren.