Hitlers labyrint : eller historia om korleis Akil og Nikko og Trude og eg hamna i forbrytararkivet.
Den mystiske labyrinten er djupe gangar og rom inne i fjellet, laga av tyske soldatar den gongen det var krig her i landet. Ingen har lov til å gå dit, for det kan vere farlig. Men det bryr dei tre kameratane Alfi, Nikko og Akil seg lite om. Dei har funne ei hemmeleg luke og oppdagar saker som tyskarane gløymde å ta med seg da dei reiste heim for meir enn femti år sidan. Trude er 13 år og eitt år eldre enn dei tre gutane. Ho overraskar dei der ute og dei skjønar snart at ho har funne noko i hola.