Årets mottakar av Sigmund Skard-stipendet for 2007 er Ingelin Røssland. Røssland får prisen for ein forfattarskap som med litterære verkemiddel vender seg til dagens unge lesarar.
Frå 1995 har Samlaget delt ut Sigmund Skard-stipendet på 25 000 kroner til ein samlagsforfattar.

Stipendet skal gå til ein forfattar som har gitt ut minst éi bok med høg litterær kvalitet dei siste fem åra. Dei som tidlegare har fått stipendet er Eva Jensen, Erna Osland, Liv Nysted, Einar Økland, Solveig Aareskjold, Frode Grytten, Are Kalvø, Brit Bildøen, Rønnaug Kleiva, Olaug Nilssen, Arild Rein og Sigmund Løvåsen. Stipendet skal markere den rolla Sigmund Skard har spelt for nynorsken og for Det Norske Samlaget. Han var knytt til forlaget det meste av livet, som forleggjar, styreformann og ikkje minst forfattar. Stipendet er først og fremst knytt til Skards innsats for norsk skriftkultur, som han fekk Brages første heiderspris for i 1992.Språket i Røsslands bøker har trøkk og driv, og ho skildrar sterke og tydelege ungdommar på ein truverdig måte. Samtidig lykkast ho i å vise sårbarheita og usikkerheita som ligg under det tøffe ytret. Med språkleg intensitet og replikkunst kretsar bøkene hennar rundt tema som vennskap, familie, seksualitet og rus. Handlinga er lagt til bygda, men temaa er universelle.

Røssland debuterte med boka Viss du vil i 1998. Med Handgranateple frå 2006 nådde ho ut til eit stort publikum, og vann Ungdomsbokprisen 2007 for beste ungdomsbok, kåra av ein jury med hundre elevar.

Skard-stipendet skal medverke til å utvikle den aktuelle forfattarskapen. Røssland er ei av dei tydelegaste stemmane i norsk ungdomslitteratur som vil bidra til å gjere ungdomslitteraturen relevant for nye grupper ungdom.

I juryen sit Nina Refseth, Margit Walsø og Finn Totland frå Det Norske Samlaget.