NY NORSK NYNORSK
I nesten ein heil månad vil Deichmanske bibliotek si barne- og ungdomsavdeling vere staden for spanande opplevingar av barnedikt, når lydinstallasjonen «Ny norsk nynorsk» fyller avdelinga med lyden av lyrikk. I samband med opninga vil Per Olav Kaldestad leie ein samtale mellom dei fire lyrikarane om det å skrive lyrikk for born.

Velkommen til opning av nyskapande lyrikkopplevingar på biblioteket

MÅNDAG 8. OKTOBER KL. 13

Deichmanske bibliotek

Barne- og ungdomsavdelinga

Arne Gerborgs plass 4

KVA ER NY NORSK NYNORSK?

Komponistane Gyrid Nordal Kaldestad og Are Lothe Kolbeinsen har verkeleg leika seg med dikt av forfattarane Hans Sande, Ragnar Hovland, Per Olav Kaldestad og Arnt Birkedal i denne dristige og nyskapande installasjonen. Dei har nytta språket sin eigen rytme og klang for å gje opplevingar  som vil engasjere barn og andre biblioteksbrukarar i alle aldrar.

Rundt om i bokhyllene vil det vere høgtalarar som spelar ulike dikt, til overrasking for dei som går forbi. Det vil også vere lyttestasjonar der ein kan få personlege opplevingar av dikta med høyretelefonar. Barn kan også sjøl få lage små lyd- og tekstkomposisjonar på ei interaktiv nettside.

VELKOMMEN!
Ikkje gå glipp av dette unike høvet for både barn og vaksne til å oppleve levande lyrikk. Ta turen innom i Barne- og ungdomsavdelinga, Arne Garborgs plass 4,  I tidsrommet  8. oktober til fredag 2. november. Opningstider: Måndag – fredag 10 –19. Laurdag 10 – 16.  Prosjektet er støtta av Norsk kulturråd og Fond for lyd og bilde. Det inngår i programmet for Ultimafestivalen og for 60-årsjubileet til Norske Barne- og ungdomsbokforfattere.