Fredrik er ein sær, mistilpassa jævel. Han fornektar samfunnet, deggar for sjølvmordstankane sine og les seg surrete i hovudet.

Den einaste personen han liker, er Rita, som han mot sin vilje kjem til å plage. Fredrik vil til helvete, og han vil dit så fort som mogleg, med full marsjmusikk. Å sympatisere med Vigrid og gi seg over til framandhat blir eit effektivt middel. Vi følgjer dei rasande og samtidig sårbare utbrota til Fredrik på den stupbratte vegen utfor. Det suggererande språket gjer det vanskeleg å hoppe av i svingane og leggje frå seg boka undervegs.