(NPK): Tidlegare barnebokredaktør i Det Norske Samlaget, Guri Vesaas, fekk torsdag Raltura-prisen under den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu på Stord.
Guri Vesaas har tidlegare fått fleire prisar for arbeidet sitt med nynorsk barnelitteratur. Torsdag fekk ho endå ein då ho vart tildelt Falturiltu-festivalen sin første formidlarpris, Raltura-prisen, for arbeidet sitt med å utvikla nynorsk barne? og ungdomslitteratur. Prisen er på 15.000 kroner og eit diplom forma av kunstnaren Gerhard Stoltz.
?Fornyar
Guri Vesaas var hovudansvarleg for barnebokavdelinga i Det Norske Samlaget frå 1974 til 2006, og juryen slår fast at ho har vore sentral i oppbygginga av den moderne nynorske litteraturen for barn og unge.
Særleg har ho vore oppteken av å gje ut eit mangfald av barnebøker med høg kunstnarleg kvalitet, frå dikt til spenningsbøker. Med sin fine sans for å føra saman gode forfattarar og illustratørar, bidrog ho òg sterkt til å fornya biletboksjangeren i Noreg, heiter det i grunngjevinga.
Juryen legg også vekt på at Guri Vesaas har lagt ned eit stort arbeid med å omsetja barnebøker. Under psevdonymet Hanna Midtbø har ho sidan 1976 omsett nærmare 70 barnebøker til norsk.For innsatsen sin med barnelitteratur er ho nyleg slegen til Riddar av 1.  klasse av St. Olavs Orden. Ho er også heidra med fleire andre prisar, mellom anna har ho to gonger fått Nynorsk barnelitteraturpris.
– Estetisk danning
Falturiltu-festivalen vart i år arrangert for første gong. 18 forfattarar og to illustratørar har i ei veke vore med å formidla nynorsk barnelitteratur på ei rekkje arrangement. Mellom anna har det kvar einaste dag vore skuleturnéar med fire forfattarar og ein illustratør.
Forfattar og medarrangør Per Olav Kaldestad fortel om stort oppmøte på dei opne arrangementa og karakteriserer festivalen som ei førehandslagring av estetisk danning.
– At barna får oppleva språkkunst på sitt eige mål i skulen er veldig viktig. Det er den beste lesestimuleringa som kan tenkjast, seier Per Olav Kaldestad.
Planen er at festivalen skal bli eit årleg arrangement. (©NPK)