Britiske forlag vil aldersmerke barnebøker, til forfattaranes store irritasjon.
Britiske barneboksforfattarar er ikkje særleg glade for forlagas idé om å aldersmerke barnebøker. Planen er at det skal stå tydeleg på bokomslaga kva aldersgruppe vender seg til, noko som er meint å vere til hjelp for barn og foreldre slik at dei vel dei «riktige» bøkene.

Ifølgje The Guardian har ei stor gruppe forlag planar om å innføre merkinga allereie seinare i år.
Det er ABC-nyheter som skriver dette.

– Vil skremme bort barna

Men forslaget fell ikkje i god jord hos dei som skriv barnebøkene. Faktisk er forfattarar og illustratørar så opprørte, at 80 av dei har skrive under på eit protestbrev mot merkinga, ifølgje The Guardian.

Dei frykter at merkinga vil ta bort lysta ved lesinga og skremme barna vekk. Merkinga legg vekt på det barna lærer ved å lese, meiner dei, og ikkje på at det skal vere morosamt å lese.

«Vi har blitt totalt forgjorde av tanken på kva «utviklingstrinn» barna vore er på. Å utvide alderklassifikasjonssystemet til underhaldningslitteratur er verkeleg ein tragisk idé», seier barneboksforfattar Michael Rosen til avisa.

– Ikkje kontroversielt i Noreg

I Noreg er det vanleg å aldersmerke pedagogiske bøker og såkalla «lettlesne» bøker med klassetrinn. Det gjer til dømes Aschehoug i sin «Lesehesten»-serie. Ifølgje forlagssjef for barne- og ungdomslitteratur i Cappelen Damm, John Erik Riley, er det ikkje spesielt kontroversielt å aldersmerke bøker i den norske barnebokverda, men det blir heller ikkje gjort i utstrakt grad.

– Men på bøker for heilt små barn er det meir vanleg, seier han til ABC Nyheter.

– Det kan i nokre tilfelle vere nyttig å merke bøker som egnar seg spesielt godt for høgtlesing. Men ein skaper også grenser når ein set merkjelapper på bøker, så det kjem veldig an på kva måte dei blir merka på. Det blir problematisk om ein i altfor stor grad heng seg opp i kva alder bøkene passar for, sidan leseferdigheitene kan variere mykje innanfor ei aldersgruppe. Det kan også føre til at barn ikkje føler seg komfortable med å lese bøker som er i «feil» alder, meiner Riley,

Ifølgje redaksjonssjefen nyttar ikkje Cappelen Damm seg av aldersmerking i særleg stor grad.

– Vi bruker det berre når det passar for den aktuelle sjangerboka, og det er stort sett marknadsavdelinga som tar seg av det, men vi overlet det til marknadsavdelinga, bibliotekarar og bokhandlara å kople rett person til rett bok, seier han.

Hjelpe dei vaksne

Forlagsredaktørane i Storbritannia hevdar at meininga med merkinga er å gi barn og vaksne «lause anbefalingar». Forlagsdirektør i Macmilllian's barneboksavdeling, Rebecca McNally, seier at forlaget sine forfattarar har tatt godt imot forslaget.

«Tanken er å hjelpe vaksne, som ofte føler seg heilt fortapte i barneavdelingane i bokhandlarar», seier ho til The Guardian
Ho meiner dessutan at barn er meir opptatte av tittelen til boka enn av omslaget og ei eventuell aldersmerking.