Forfattar Einar Økland har ei glede av å vere aktør i denne verda. Det er berre å spørje han.

? Det er ein tittel som ikkje fortel nokon ting. Eg er ein forfengeleg forfattar som likar å bli oppdaga og funnen, ikkje ein som likar å marknadsføre seg sjølv under slåande titlar, seier Einar Økland om si nye bok Kant-i-kant. Det er den åttande (nei, den sjuande, vil kanskje dei hardaste Økland-kjennarane hevde, men i løpet av intervjuet bestemte forfattaren seg for å også rekne med Ingenting meir ? epistlar for barn) boka i rekkja av bøker med oppsamla «sakleg småprosa, artiklar, epistlar, traderingar, utsegner, observasjonar, presentasjonar, fakta, samanhengar og tillegg» skrivne på bestilling.

? Eg har ein stor skepsis til det å ha ein veldig sterk ytringstrong. Der er eg verre enn Solstad. Om ikkje anna så er eg varm tilhengar av sjølvsensur. Så tekstane i desse bøkene må bestillast. Det er slikt eg arbeider med når eg ikkje skriv korte, tørre dikt.
Det er Dag og tid som skriv dette.

I tillegg til å gi ut Kant-i-kant arbeider Einar Økland med å få ferdig ei stor bok om Harald Damsleth, reklameteiknaren som laga propagandaplakatar for NS.

– Eg trudde ikkje eg skulle skrive meir, og så kjem det to bøker i år. Det er eit slag i ansiktet, frå meg sjølv. Då forrige diktsamling kom, tenkte eg at dette er det siste eg gjer. Men det tenkjer eg kvar gong eg held på med noko, og håpar berre eg får leve så lenge at eg får lese 2. korrektur, og har all verdas undergangskjensle. Og så tenkjer eg ofte at eg har ingen å skrive for, og at det ikkje er meir eg vil skrive, at eg er ferdig… Ja, ja.

Gripande taparar
Fleire av artiklane tek for seg felt som var blanke i litteraturforskinga før Økland tok eit grep, til dømes bøker utgjevne på eige forlag. Blant titlane, som Økland har funne i sine eigne hyller, finn ein mellom anna «Min Selvbiografi. Min Virksomhet og Reiseskildringer. Et meget interessant skrift», «Jeg er ingen landssviker. Krøniken om førkrigstidens, krigstidens og etterkrigstidens hendinger slik vi så dem», «Hvorledes jeg blev profet eller En bohems eventyr i Stockholm», «Nye utdrag av breve fra Taknemlige patienter. Mr. A. Nielson, Indehaver av Det Elektromagnetiske Institut i Oslo», og ikkje minst denne:

«Kværnsmyr. Gaat vild. I ca 5 -fem – døgn uden mat paa fjeldvidden mellom Oppedal i Øvre Numedal og Tinn, paa reise fra Bergensbanen med bestemmelse for kraftanlægget og salpeterverket Rjukan. Som følge av frosten fik jeg begge mine føtter amputert. Kjøp mit hefte! Behag selv at bestemme prisen!!!»

– Dette er anerkjent dårlege bøker som ingen vil ha. Ei søt sjel syg honning av alt, og her har eg vore ei søt sjel. Desse bøkene finst ikkje i biblioteka, dei fleste av dei ikkje ein gong i Norsk Bokfortegnelse, men ved å snakke om bøkene gir eg dei nytt batteri, slik at dei kan vare ei stund til.

– Ut frå titlane kan forfattarane i mange tilfelle sjå ut som mislykka fanatikarar?
– Ja då, her er det folk som har vore innesperra på galehus, og som skal fortelje si historie, dei er ute etter ehrenrettung. «Dei skal få vite det!» Og når ingen forlag vil ha dei, skal dei iallfall få ut bøkene sine, og koste trykkinga sjølve. Mange av desse er losers, men det har jo sin patos, og hjelpeløysa er iblant vel så gripande som når ein profesjonell forfattar skriv om nokon det går dårleg for. Kanskje meir, for når det er ein god forfattar, så har ein dette forsonande med at det er godt skrive. Det vakre er forferdeleg på den måten – sjølv om det er svarte, dystre ting som står i teksten, så er det estetisk vellukka, og det gjer det akseptabelt på eit vis.

– Når andre ikkje har skrive om det, må du gjere det sjølv?
– Ein halvpart er reint subjektivt og privat motivert, den andre halvparten er folkeopplysande. Det er mykje folkeopplysing i tekstane mine. Informasjonsstraumen, som det heiter, er ikkje identisk med folkeopplysing. Det er eit stort prosjekt som ikkje skal leggjast ned.

Rein moralist
– Eg synest det er veldig kjekt å kunne lage bøker som Kant-i-kant, seier Økland.

– Det er litt på same måten som det var å jobbe i tidsskrift. Eg har ei glede av å vere ein aktør i denne verda. Dette er det næraste eg kjem mitt eige tidsskrift.

– No synest eg det er kjekkare å finne gamle tidsskrift som eg ikkje visste om. Eg har nettopp oppdaga eit vekeblad, «I fritiden», som starta i 1943 og gjekk inn på vårparten 1945 av ein eller annan grunn. Og der er alt som det skal vere i eit vekeblad, som om det aldri var skyting utanfor stoveglaset. Men skal du snart spørje meg om noko vetigt?

– Det gjorde eg for to timar sidan. Vel, kven er landets beste essayist?
– Eg beundrar Dag Østerberg, særleg når han skriv korte, folkeopplysande ting. Det hender han skriv eit svar til nokon, der han konsentrerer seg om å gjere seg forståeleg for dei tungnemme. Og det gjer han med glans! Det er nesten umuleg å ikkje forstå han. Den presisjonen og elegansen som ligg i hans svale og kjølege stil, det synest eg er fantastisk godt gjort.

– Eg brukar jo kåsør som eit skjellsord. Når det kjem til det revyprega som er gjort for å halde på merksemda, så er eg rein moralist. Eg snakkar berre alvorleg om alvorlege ting til alvorlege folk, eg, og om dei ler innimellom, så er det kjekt. Når ein har med alvorlege folk å gjere, då kan ein ha det kjekt heile tida, då.

Nynorsktvang
– Ein tredjedel av boka dreier seg om biletkunstnarar som det ikkje er skrive mykje om frå før?
– Eg har ei glede av å tenkje på at dei som vil lese om desse kunstnarane, blir tvinga til å lese om dei på nynorsk.   

– Kan du nemne éi bok du som du synest manglar i verda, og som du sikkert måtte skrive sjølv om ho skulle finnast?
– I verda? Det var ei stor målgruppe. Men ja, eg kan godt seie eitt verk som manglar: eit felles register over alt som har stått i dagsavisene, vekeblad, og andre periodiske skrift som har kome ut. Ein bibliografi, altså. Så kan ein følgje det med fingeren: Bringsværd, Tor Åge: «Norsk Ukeblad» 1958, side slik og slik. Ravatn: «Ølensjul» 1998: Nissedød. No er ein nøydd til å eige det, og bla gjennom det, for å vite kva som har stått. Men eit slikt verk er det ingen som vil bruke pengar på.

– Då får du gi det ut på eige forlag!
– Men det var kanskje ikkje dette svaret du tenkte på?

– Ja, eg hadde kanskje ønskt meg noko litt friskare?
– Noko sjukare? Eg tenkte ein gong i mine barnelitteraturdagar at eg skulle skrive ei pornografisk barnebok, men eg gjorde det aldri. Og det er eg vel i grunn glad for. Viss nokon bestiller det, så skal eg skrive ein artikkel om alle bøkene eg aldri skreiv.

– Eg bestiller det her og no!
– Nei, no må du ikkje vere lettsindig. Du får bla tilbake i Dag og Tid-arkivet til den gongen Jan Erik Vold spurde avisa om dei var interessert i ein liten reportasje frå bokmessa i Frankfurt. Dei enda opp med å trykkje 17 sider.

Dommedag over andre
– Synest du det blir tyngre å skrive?
– Ein blir jo meir sjølvkritisk. Ein har ikkje lyst til å likne på dei ein ser ned på, og ikkje lyst til å herme etter dei ein ser opp til. Ein må finne noko tredje. Det finst folk som trur at det går an å opparbeide seg rutinar, og gå inn i ein tradisjon og begynne å etterlikne nokon. Men tradisjonen er å vere annleis, seier Økland.

– Det er delvis løyndomen: ein kan ikkje skrive så mykje utan å ha gjort nokon originale observasjonar. Det stemmer, det som Sandemose seier: Det er ikkje språket som skal besjele tingen, det er tingen som skal besjele språket. Det er det ein del folk som ikkje har skjønt. Du skal ha lagt merke til så mykje ved tingen at du har noko å seie. Det er det hardt å seie til skulefolk som vil lære å skrive essay og artiklar. Ein kan ikkje lære dei knep, det er dei sjølve som må ha sett noko. Somme er forfattarar, og somme er ikkje. Det er nok å dele det slik. Men det er å halde dommedag over litt fleire enn seg sjølv, seier Einar Økland og ler.

Detta artikkelen er saksa frå Dag og tid.