av Arnt Birkedal

MORGONVERS

 

Og når draumesletta slepper

ligg ein draumeslant på puta di

Og når draumesletta glepper

klirrar draumepant mot ruta di

Og når draumesletta lettar

knasar draumesnø på puta di

Og når draumesletta slettar

slår ein draumesjø mot ruta di
 

EG SOVNA ETTER MATEN
 
Eg sovna etter maten,

det var smør med dill og torsk,

eg var sånn etter måten

ekstra staut og dorsk.

 
Eg vakna seint men sikkert,

eg såg dei først med kikkert,

dei tala fjerne tunger,

det var slettes ikkje norsk:

Dei tala rindi pindi,            

dei tala faltu raltu,

dei tala mucho mungo,

før dei braut på stille svorsk.