SOKKELAUS

sokkelause saman i ein sofa:
stortåa mi smaker salt
i munnen din
seier du, sugevenn
stortåa di smaker alt
i munnen min
seier eg, smattevenn

du suttar, eg ler
eg tuttar, du ber
vi syg, vi bit
vi kitlar oss hit
kor latteren renn
igjen og igjen
 
når du må gå
tar eg mi eiga tå
i min eigen munn
ei nattblå stund
sokkelaus aleine i ein sofa:
Lilletå, Tåtille
Tilleros, Filippenfru
og Storeskru

(upublisert)
 
HO KJEM TIL FJORDEN

ho kjem til fjorden
han er der
han ligg roleg
han ser ikkje vekk
han spør ikkje kor ho har vore
han seier ikkje kor ho skal fare
han tar imot henne held båten hennar

ho kjem til fjorden han er ein venn
i dag ligg han roleg pustar under henne
ho ror medan hendene hans grip inn i landskapet

(frå: ho som ror, Samlaget, 2007)