Det er sankthans. Gisle har reist åleine på telttur, noko som viser seg å vere meir skummelt enn han hadde trudd. Kvar kom den svarte oksen frå? Er det nokon som tuslar rundt teltet når det blir mørkt? Spøkjer det i dei gamle hustuftene?

Rett framfor meg står den største oksen eg har sett.

Han er kolsvart og breiskuldra.

Han har musklar som eit monster.

Og han har store horn.

Han blæs i naseborene.

Skrapar med foten.

Klar til å kasta seg framover kva tid som helst.


Den svarte oksen er ein ny spenningsroman frå Atle Hansen.