Barnebokforfattaren Maria Parr nektar å ta håpet frå ungane. I staden skriv ho gammaldags og tradisjonelt.
Då Maria Parr debuterte som barnebokforfattar med boka Vaffelhjarte i 2005, fekk ho rosande kritikk, vart nominert til Bragepris og fekk Nynorsk barnelitteraturpris. Debutboka er omsett til sju språk. I desse dagar kjem Parr med den vanskelege andreboka. Før boka er i bokhandlane, har fem land kjøpt historia om Tonje Glimmerdal som er det einaste barnet i Glimmerdalen og den tøffaste jentungen dalen har sett på lenge.

? Eg har skrive om ein unge med mykje plass rundt seg. For meg er det ein draumesituasjon for ein unge, mykje plass og alle dei vaksne for seg sjølv. Eg har reist ein del rundt på skular og lese frå Vaffelhjarte. Når eg har fortalt om dette prosjektet, om einsame Tonje, har ungane reagert med å seia at det går ikkje, det må vera fleire ungar i boka! Eg har høyrt på dei.
Det er Dag og Tid som skriv dette

– Tonje Glimmerdal er nærast ei nynorsk Pippi Langstrømpe?
– Ja, ho er ei jente som tek plass på alle vis. Ho er nok slik ein gjerne skulle ønskja at ein var sjølv, men ho er sårbar òg.

– Mange barnebokforfattarar i dag eksperimenterer. Du skriv derimot tradisjonelt – éi samanhengande historie frå eit tradisjonelt samfunn.
– Då eg var på manusseminar for ein del år sidan, vart eg overraska over at det var greitt at eg skriv gammaldags. Det er på det viset eg likar å skriva, og det er slike bøker eg sjølv sette pris på som barn. Det var ein utruleg lette at eg kunne skriva slik; enkle bøker der eg kunne bruka mitt miljø og min bakgrunn.

– Mange meinte den første boka di kunne minna om Astrid Lindgren. Det gjer òg boka om Tonje Glimmerdal. Kva forhold har du eigentleg til Astrid Lindgren?
– Lindgrens bøker er nok dei som har gjort aller størst inntrykk på meg. Eg har sjølvsagt lese anna enn Lindgren, og ein lærer jo heile tida, men det er noko eige med dei barnebøkene som har sett spor når ein er liten. Lindgren fekk til noko så ufatteleg fint. Ho spela på strenger både hjå barn og vaksne.

 

Les heile artikkelen her.