Forfattar Inger Bråtveit er oppvaksen i Suldal, berre nokre få mil frå Vinje, der diktarhøvdingen Tarjei Vesaas heldt til. Hans bok, Is-slottet, har vore til stor inspirasjon for henne. Torsdag held ho foredrag på Høgskolen i Oslo under konferansen «Leseropplevelser og formidling».

– Kva er så spesielt med Isslottet av Tarjei Vesaas?

Det norskaste.

– Boka har ein blendande klårleik heile vegen. Og samstundes skifter ho mellom mange synsvinklar. Snart er vi midt i klasserommet, snart inne i hovudet til Siss. Det var utypisk på den tida dette blei skrive, at folk skreiv slik her i landet. Denne prismatiske forskyvinga av forteljarperspektiv, er heilt unorsk. Det var radikalt.

Denne artikkelen er saksa frå Vårt Land

Vesaas skreiv dette i 1963, på slutten av sitt liv, og så skriv han altså på ein måte som han aldri hadde gjort før, og som ingen har gjort etter han. Ein må til Frankrike for å finne liknande skrivemåte, hjå folk som Magritte Duras og Maurice Blanchot. Sistnemnde er òg ein stor fransk teoretikar og filosof, men Tarjei Vesaas er liksom noko av det norskaste ein kan tenkje seg.

Rørsle.

– Eg las ikkje Is-slottet då eg var på alder med hovudpersonane Siss og Unn. Faktisk kom boka ganske seint til meg, men etter at eg byrja studere på universitetet, har eg fordjupa meg i Vesaas ved fleire høve og lese boka sikkert 25 gonger. Det er så spanande, ein oppdagar nye ting heile tida – det liknar eit isslott – og er i ei veldig rørsle. Ein oppdagar eigen blindskap på denne måten. Boka er som ein snøprofil av djup snø: Du har eit fullt forståeleg øvre lag, eigentleg eit enkelt plott, men om ein har lyst til å gå lenger ned, er det mange andre lag. Her er det mykje!

Inger Bråtveit tok masteroppgåve i litteraturvitskap om Is-slottet av Tarjei Vesaas lest inn i en franskestetisk resepsjon. Sidan gav ho ut romanen Siss og Unn i 2008. Ho har har alltid vore glad i bøker, og har eit særleg sterkt forhold til Biblioteket.

Biblioteket.

– Eg er frå Suldal, som er ein liten stad, og biblioteket er alfa og omega. Der finn du alle dei bøkene du kanskje ikkje har i hylla heime, eller den vegen ut av bygda du ikkje ser før du skal ut. Samfunnsmessig er dette svært viktig. I Sverige veit eg at dei har lagt ned ein del bibliotek i delar av landet. Men kva sit ein igjen med då? Det er vodka og video! Biblioteket er ein unik møteplass, fri for sosiale skilje, der ein kan komme og gå heilt fritt når ein vil. Kven er det som går på bibliotek? Det er åleinemødrer, flyktningar, høg og låg. Alle har rett til like god hjelp. Sånne møteplassar er det viktig å ha. Ein kan sjekke e-posten, eller låne dante. For meg har biblioteket alltid vore ufatteleg viktig. Det er eigentleg biblioteka og stavkyrkjene som er dei viktigaste kulturmonumenta vi har her i landet.

Denne artikkelen er saksa frå Vårt Land. Les den her.