– Noko betre kan vi ikkje bruke pengane våre til, meinte leiar i Hareid mållag Marit Kvammen då ho overrekte alle barnehagane i Hareid eit nett med nynorske barnebøker.
Overrekkinga skjedde på Syverplassen barnehage torsdag denne veka. – Vi vil at born over heile landet skal oppleve både nynorsk, bokmål og ulike dialektar i barnehagen. Vi meiner nemleg at det er ein styrke å bruke heile det språklege mangfaldet vi har omkring oss. Born utviklar ei forståing for ulike språktradisjonar når dei vaksne er gode rollemodellar, sa Kvammen.

Kvar barnehage var representert med to born og ein vaksen under overrekkinga. Mållagsleiaren presenterte seg som ?juninisse? og las frå ei bok om ?Bella?.

I kvart nett låg åtte bøker til kvar av dei fem barnehagane Hareid, Bigset, Syverplassen, Holstad og Hjørungavåg. I tillegg til ?Bella?-boka var der eventyrbøker, ABC-bøker – og jamvel ei songbok, nemleg Odd Nordstoga si bok ?Grisen står og hyler?.
Denna gladsaka er henta fra vikebaldet.no