Annette Münch (f: 1981) vakte stor merksemd da ho i 2006 debuterte med ungdomsromanen Kaoskrigeren, ei bok ho fekk Kultur- og kirkedepartementets debutantpris for. Den handlar om ein gutegjeng der deltagarne tar feil valg. Det er imponerande fortalt. Som lesar frastøtes man av volden og provoseres av dei lite gjenomtenkte reaksjonane til dei litterære figurane. Men i forfattarens univers er dette fullkomment truverdig.
I 2009 fulgde forfattaren overbevisande opp med romanen Jenteloven. Denne boka fekk også stor merksemd og blei nominert til Brageprisen. Lik personane i den forrige boka viklast hovudpersonen inn i eit nett som viser seg umuleg å koma ut av. Jentenes råskap trur man på; den er grunngjeven og forklart.
På trass av sin unge alder og korte forfattarskap, har Münch vist at ho har ei tydeleg fortellerstemme og myke på hjarta. Ho er modig og kompromisslaus, både med hensyn til litterære temaer og språk. Ho vågar å gå inn i det vanskelege og vonde, og ho gjer det med eit språk som understreker autentisiteten i miljøa ho skildrar. Forfattaren er ei ny og viktig stemme i norsk barne- og ungdomslitteratur.
NBU gratulere